Tømmekalender 2019

Velg din kommune:

 

Der ei rute er ført opp på 2 påfølgjande dagar, må alle dunkar settast fram til kl. 07.00 den første dagen.              

Næringsruter - sjå her!



Det har tidlegare vore mogeleg å sortere barnebleier i dunken for våtorganisk avfall, men no er det slutt på dette.

Det våtorganiske avfallet som Nordfjordingane sorterer ut vert sendt til kompostering i Sogn. På anlegget til SIMAS har ein klart å dele opp bleiene slik at noko gikk til kompostproduksjon, medan noko vart sendt til forbrenning saman med anna restavfall.

SIMAS arbeider no med å betre kvaliteten på kompostproduktet frå anlegget. På grunn av faren for at barnebleiene tek med seg plastavfall inn i komposteringa, er det no avgjort at bleiene ikkje lenger skal sorterast som våtorganisk avfall.

Dette betyr at alle abonnentar Nomil må sortere barnebleier som restavfall frå 01.06.2019.

Om endringa i sorteringa gir liten kapasitet på restavfallet, er det mogeleg å tinge større restavfallsdunk på 240L til kr. 478,- pr. år. Nomil vil også kunne tilby kostnadfri levering av barnebleier til gjenbruksstasjonane.  Bleiene må då leverast i gjennomsiktige sekkar.

Takk for at de hjelper til med godt sortert avfall i Nordfjord! Det er godt for både samvitet og miljøet!