Tømmekalender 2018 og 2019
Velg din kommune:
Der ei rute er ført opp på 2 påfølgjande dagar, må alle dunkar settast fram til kl. 07.00 den første dagen.
Næringsruter - sjå her!
Nyopning av miljøstasjonen på Haugen i Eid torsdag 7. desember
Torsdag vert det nyopning av miljøstasjonen på Haugen i Eid. Velkomen!Tips mot fastfrose våtorganisk avfall
Vinteren er i gong og minusgradene er på plass. Det gir utfordringar for tømminga av dunken for våtorganisk avfall. Avfallet kan rett og slett fryse fast i dunken.
Du kan hjelpe til ved å legge avispapir eller eggekartong i botnen av dunken for våtorganisk avfall. Dette kan hindre avfallet i å fryse fast, og sikre at dunken vert skikkeleg tømt.
Bli med i Lokkeriet
Skriv telefonnummeret ditt på eit lokk som skal til gjenvinning som glas- og metallemballasje. Legg lokket i den raude dunken, og håp på ein telefon frå Syklus. Alle lokk som kjem til Syklus sitt gjenvinningsanlegg i Fredrikstad er med i trekkinga. Du kan m.a. vinne tacomiddagar for eit heilt år, tur til Hadeland glassverk og produkt laga av resirkulert glas.
Endra utsleppsløyve
Nomil har fått endra utsleppsløyve for drifta ved Eidsmona i Gloppen. Fylkesmannen har i løyvet endra dokumentasjonskrava for støy, med grunngjeving i at ein ikkje har bustadar eller anna støyfølsam bebyggelse i nærleiken av anlegget.Det er i løyvet presisert at dette ikkje fører til reduserte krav til støygrense, men berre regulerer korleis ein skal dokumentere støyutslepp. Dei andre verksemdene i Eidsmona har på førehand hatt høve til å uttale seg om endringa.
Vidare er det gjort endring i løyvet for å oppdaterer dette mot noverande lovverk, m.a. for handtering av farleg avfall, lagringstid for ordinært avfall, luktkrav og for økonomiske forhold. Førre utsleppsløyve var datert i 2011, og endringane er gjort for at løyvet skal vere oppdatert mot regelendringar som har skjedd i perioden 2011-2017.
Det er høve til å klage på vedtaket frå Fylkesmannen. Endringa vert kunngjort i Firda tidend 10.11.2017, og klagefrist er sett til 3 veker etter denne datoen. Ei eventuell klage må sendast til Fylkesmannen i Sogn og fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Endra utsleppsløyve finn du her. Utsleppsløyvet må sjåast i samanheng med oversendingsbrev, som gjev opplysingar som sakshandsaming og grunngjeving for endringar. Oversendingsbrev finn du her.
For meir informasjon og ytterlegare saksdokument ta kontakt med Nomil på This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. eller telefon: 57 00 94 00. Det er også høve til å ta kontakt med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for meir opplysingar og saksdokument. Kontakt informasjon til Fylkesmannen: e-post: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. eller telefon: 57 64 30 00.
Nyopning av miljøstasjonen på Svarstad i Stryn 25. oktober.
Tysdag 24. oktober var det nyopning av miljøstasjonen på Svarstad i Stryn. Miljøstasjonen, som er drifta av Tenden Miljø, har blitt flytta under tak og har fått ei utforming som gjer det enklare for kundane å levere avfall. Stasjonen har også fått nye opningstider - 12 til 19 tysdagar og torsdagar.
Nomil stilte mannssterke på opninga og det var varaordførar i Stryn, Torstein Tvinnereim, som stod for sjølve opninga.
Opning av ny miljøstasjon på Svarstad i Stryn
Tysdag 24. oktober er det duka for nyopning av miljøstasjonen på Svarstad i Stryn. Miljøstasjonen vil også få nye opningstider.Vel møtt!
Page 8 of 13