Bremanger kommune har innført tvungen renovasjon for alle hytter og fritidsbustadar. Kommunen har fastsett ein gradert gebyrskala, avhengig av standard og kor tilgjengeleg fritidsbustaden er. Les meir i standardforskrifta og gebyrforskrifta!

Høg sats er 50% av eit standard gebyr.
Middels sats er 30% av standard gebyr.
Låg sats er 10% av standard gebyr.

For nærare informasjon - ta kontakt med NoMil.

Avfall frå hytter og fritidsbustadar skal ein levere i særskilte containerar. I hyttecontainerane kan ein levere plastemballasje, papp/papir, våtorganisk avfall og restavfall. Hyttecontainerane har små innkast luker. Sekkar og større gjenstander må ein levere på gjenbruksstasjonen i Smørhamn eller Svelgen. Større mengder avfall, metall, hageavfall, farleg avfall, ee-avall, avfall frå bygg mm. må ein også levere på gjenbruksstasjonen.  

Plassering av hyttekonteinarar:

  • Kalvåg, bak trafo ved brannstasjonen
  • Smørhamn ferjekai
  • Krysset til Berlenesvegen
  • Rugsund miljøstasjon
  • Davik miljøstasjon
  • Isane ferjekai
  • Svelgen miljøstasjon, ved Lasses butikk
  • Myklebustkrysset
  • Struen/Hauge
  • Gloføkja