Fastfrose avfall i dunken?

Fastfrose avfall i dunken?

Vinteren er i gong og minusgradene er på plass. Det gir utfordringar for tømminga av spesielt dunken for våtorganisk avfall. Avfallet kan rett og slett fryse fast i dunken.

Du kan hjelpe til ved å legge avispapir eller eggekartong i botnen av dunken for våtorganisk avfall. Dette kan hindre avfallet i å fryse fast, og sikre at dunken vert skikkeleg tømt.

Om man har moglegheit til det kan det også være lurt å sette dunkane inn i garasje eller liknande dei kaldaste dagane.

Renovatørane har ikkje moglegheit til å løsne fastfrose avfall nede i dunkane. 

 

Fyrverkeri som avfall!!!

Fyrverkeri som avfall!!!

Nyttårsfeiringa er like rundt hjørnet, og nokon lurer kanskje på korleis ein skal sortere fyrverkeri.

Brukt fyrverkeri skal leggast i restavfallet. Dersom fyrverkeriet ikkje har gått av må det behandlast som eksplosjonsfarleg avfall.

Forhandlarar av eksplosive varer og produkt er pliktige til å ta i mot tilsvarande produkt når dei skal kasserast. Dersom du ikkje veit kvar du skal levere dette, kan du ta kontoakt med Politiet på telefon 02800.

God jul!

God jul!

Vi har følgjande opningstider i samband med jul/nyttår:
Onsdag 23.12 (vesle julaftan)
– Kontoret og hovudanlegget i Eidsmona: 08.00-12.00
– Gjenbruksstasjon Florø: Stengt
– Gjenbruksstasjon Svelgen: Stengt
Torsdag 24.12 – Søndag 27.12
-Alle mottak er stengt
Måndag 28.12
– Kontoret og hovudanlegget i Eidsmona: 10.00-14.00
– Gjenbruksstasjon i Gloppen, Vedvik og Florø er ope som normalt
Tysdag 29.12
– Kontoret og hovudanlegget i Eidsmona: 10.00-14.00
– Gjenbruksstasjon i Selje, Haugen, Smørhamn, Stryn er ope som normalt
Onsdag 30.12
– Kontoret og hovudanlegget i Eidsmona: 10.00-14.00
– Gjenbruksstasjon Florø og Svelgen er ope som normalt
Torsdag 31.12 (Nyårsaftan)- søndag 03.01
– Alle mottak er stengt
Tømmekalender for 2021 er no tilgjengelig på www.nomil.no
Innlevering av julepapir og papp i romjula

Innlevering av julepapir og papp i romjula

Innlevering av julepapir:
I romjula tek gjenbruksstasjonane imot julepapir kostnadsfritt.
Dette skal vere pakka i gjennomsiktige sekkar, som berre skal innehalde julepapir.
I tillegg kan ein få levere papp kostnadsfritt desse dagane. (28-30 desember)
Vi har følgjande opningstider i samband med jul/nyttår:
Onsdag 23.12 (vesle julaftan)
– Kontoret og hovudanlegget i Eidsmona: 08.00-12.00
– Gjenbruksstasjon Florø: Stengt
– Gjenbruksstasjon Svelgen: Stengt
Torsdag 24.12 – Søndag 27.12
-Alle mottak er stengt
Måndag 28.12
– Kontoret og hovudanlegget i Eidsmona: 10.00-14.00
– Gjenbruksstasjon i Gloppen, Vedvik og Florø er ope som normalt
Tysdag 29.12
– Kontoret og hovudanlegget i Eidsmona: 10.00-14.00
– Gjenbruksstasjon i Selje, Haugen, Smørhamn, Stryn er ope som normalt
Onsdag 30.12
– Kontoret og hovudanlegget i Eidsmona: 10.00-14.00
– Gjenbruksstasjon Florø og Svelgen er ope som normalt
Torsdag 31.12 (Nyårsaftan)- søndag 03.01
– Alle mottak er stengt
Ledig stilling som sjåfør/renovatør i Florø

Ledig stilling som sjåfør/renovatør i Florø

Nordfjord Miljøverk – NoMil – er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og Kinn.  Selskapet si hovudoppgåve er knytt til avfallshandtering i kommunane. Selskapet har hovudkontor på Sandane og avdelingar på Nordfjordeid og i Florø.

Vi har ledig stilling i 100% som:

RENOVATØR/SJÅFØR

Arbeidsoppgåver
Til innsamling og transport av hushaldningsavfall i Flora-regionen, søkjer vi ein dyktig og serviceinnstilt renovatør/sjåfør. Du vil etter nærare avtale kunne få nestleiaransvaret for renovasjonsavdelinga, og elles ta del i anna arbeid på avdelinga.

Oppmøtestad er omlastingsstasjonen i Florø.

 

Kvalifikasjonar
Vi søker sjåfør med stå-på-vilje, gode haldningar, god praktisk sans og gode kommunikasjonsevner.  Du er ein person som har:

  • sertifikat klasse BE/C
  • arbeidserfaring som sjåfør vert vektlagt
  • emne til å arbeide sjølvstendig og effektivt
  • god fysikk, positiv haldning og er serviceinnstilt
  • maskinførarbevis er ynskjeleg

 

Vi tilbyr
Strukturerte arbeidsoppgåver i ein framtidsretta bransje og eit godt arbeidsmiljø. Løn etter avtale og god pensjonsordning i KLP. Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til driftsleiar Frode Denk tlf. 915 31 042 eller Rolv Inge Kvandal tlf. 908 49 288 eller sjå www.nomil.no.

 

Søknad og CV skal sendast til: post@nomil.no merka «Renovatør/sjåfør» eller til vår postadresse

Eidsmona 36, 6823 Sandane. Søknadsfrist: 20. desember 2020

Ekstra papp ved tømming!

Ekstra papp ved tømming!

Ekstra papp ved tømming?
Papp som blir lagt utanfor dunkane, vil ikkje bli tatt med ved tømming.
Papp som er våt og skitten vil ikkje kunne gjennvinnast, og kan øydelegge heile lasset i renovasjonsbilen.
Ekstra papp må derfor leverast til nærmaste gjenbruksstasjon.
For Florø og omegn vil nærmaste stasjon være Purkehola.
Informasjon og vegbeskrivelse til gjenbruksstasjonane finn du her: https://www.nomil.no/?page_id=739
Midlertidig stenging av gjenbruksstasjonen i Selje

Midlertidig stenging av gjenbruksstasjonen i Selje

Gjenbruksstasjonen i Selje vert stengt i veke 48, 49 og 50 på grunn av reorganisering av stasjonen. Vi gjer merksam på at gjenbruksstasjonen på industriområdet på Haugen, Hjalmavegen 1 Nordfjordeid – har åpningstider tysdagar kl 16:00 – 19:00 og torsdagar kl 09:00 – 15:00.

Vi beklager ulempene dette måtte medføre.

Stad kommune, kommunalteknikk

Kva kan leggast i den raude dunken?

Kva kan leggast i den raude dunken?

KVA KAN LEGGAST I DEN RAUDE DUNKEN?
Sjåførane våre som tømmer dunken for glas- og metallemballasje opplev ofte at dei må sette at dunkar grunna feilsortering. Dette betyr at mange abonnentar ikkje får dunken sin tømt. Returordninga gjeld berre for glas- og metall som er emballasje, slik som hermetikkboksar, sylteglas og glasflasker utan pant. At berre emballasje skal inngå i returordninga er lovregulert gjennom avfallsforskrifta.
Sjåførane våre melder frå om at sparyboksar og små gassbrennarar ofte vert lagt i dunken med raudt lokk. Dette er farleg avfall, fordi dei inneheld gass under trykk. Dette MÅ leverast inn til gjenbruksstasjon, eller anna betjent mottak. Det er gratis å levere inn farleg avfall frå husstandane.
Vindauge, keramikk, eldfast glas og drikkeglas dukkar ofte opp i dunkane for glas- og metallemballasje. Dette er materiale som ikkje kan leverast til returordninga. I tillegg øydelegg dette også det resirkulerte materiale då det har andre eigenskapar enn emballasjeglas. Tilsvarande finn vi og ofte kokekar, smijernsgjenstandar og stål i dunken. Dette må leverast til gjenbruksstasjon.

Er du i tvil om kva noko skal sorterast som, kan du finne god informasjon her: www.sortere.no
Sortere finnast også som app og kan lastast ned fra AppStore: https://apps.apple.com/no/app/id1519252225

Ellers finn du mykje info her: https://www.nomil.no/?page_id=397
Her kan du også laste ned sorteringsguide på både norsk og engelsk.
Skriv dei gjerne ut og heng opp ved dunkane.