Vindfullt vær

Vindfullt vær

Vinteren byr på vindfullt vær, både langs kysten og i innlandet. Vinden kan gi utfordringar knytt til dunkrenovasjonen.

Nomil oppfordrar alle abonnentar til å sikre dunkane på hentestaden når dei vert sett ut for tømming. Vi minner om at all festing av dunkar må gjerast på ein slik måte at det er mogeleg for renovatøren  å få laust dunken på ein enkel måte. Dunkane må difor festast med karabinkrok eller stropper (sjå bilete)Dunkar som er knytt fast vert ikkje tømde!

Om hentestaden ikkje har moglegheit for feste av dunkane, kan ein legge dunkane ned på bakken for å redusere vindfanget. Dette vert også gjort av våre renovatørar når dei set igjen dunkane etter tømming.

Bruk gjennomsiktig sekk ved levering av avfall på gjenbruksstasjon

Bruk gjennomsiktig sekk ved levering av avfall på gjenbruksstasjon


Ønsker å minne om denne!

No er det snart 2 år sidan vi innførte krav om gjennomsiktige sekkar ved levering til våre gjenbruksstasjonar. Vi har gjort oss nokre erfaringar, og ser at det framleis kjem inn mykje avfall i svarte sekkar. Disse blir spretta opp og kundar må sjølv være med å sortere avfallet. Daglig ser vi at det blir levert både farlig avfall, ee-avfall og metallgjenstandar i svarte sekkar. Dette viser at bruken av gjennomsiktige sekkar og betre mottakskontroll er viktig for å sikre kvalitet på avfallet og å unngå skadar på menneske, maskiner og miljø.
Håpar alle kan være nøye med sorteringa før dei kjem til gjenbruksstasjonen, og at gjennomsiktige sekkar vert nytta.
Tusen takk!
Her er link til tidligare sak om dette:
Ledig stilling som sjåfør vogntog

Ledig stilling som sjåfør vogntog

Nordfjord Miljøverk – NoMil – er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og Kinn.  Selskapet si hovudoppgåve er knytt til avfallshandtering i kommunane. Selskapet har hovudkontor på Sandane og avdelingar på Nordfjordeid og i Florø.

 

Vi har ledig stilling i 100% som:

SJÅFØR VOGNTOG

Arbeidsoppgåver
Til containertransport med krokbil i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, søkjar vi dyktig og serviceinnstilt sjåfør. Oppmøtestad er vårt hovudanlegg i Eidsmona på Sandane, stillinga rapporterer til driftsleiar.

Kvalifikasjonar
Vi søker sjåfør med stå-på-vilje, gode haldningar, god praktisk sans og gode kommunikasjonsevner.  Du er ein person som har:

  • sertifikat klasse CE
  • arbeidserfaring som sjåfør vert vektlagt
  • emne til å arbeide sjølvstendig og effektivt
  • god fysikk, positiv haldning og serviceinnstilt
  • maskinførarbevis er ynskjeleg

 

Vi tilbyr:

  • Fast 100% stilling i ein framtidsretta bransje
  • Sjanse til å utgjere ein forskjell for miljøet kvar dag
  • God pensjons- og forsikringsordning i KLP

 

Om dette høyrest interessant ut, ta kontakt med driftsleiar Frode Denk tel 915 31 042.
Søknad og CV sendast til soknad@nomil.no og merkast med «Sjåfør Sandane»

Søknadsfrist: 20.01.2022

God jul!

God jul!

 
Vi har følgande opningstider i forbindelse med jul/nyttår:
 
Torsdag 23.12 (vesle julaften)
– Alle Nomil gjenbruksstasjonar held stengt for mottak.
– Kontor/administrasjon 08:00 – 12:00
 
I romjula er kontor/administrasjon betjent frå 10:00 – 14:00
 
Alle gjenbruksstasjonane held ope for mottak av avfall som normalt.
 
Måndag 27.12
– Sandane 10:00 – 15:00
– Florø 13:00 – 19:00
– Måløy 15:00 – 19:00
 
Tysdag 28.12
– Stryn 12:00 – 19:00
– Eid 14:00 – 19:00
– Selje 15:30 – 20:00
– Smørhamn 13:30 – 19:00
 
Onsdag 29.12
– Svelgen 13:00 – 19:00
– Florø 13:00 – 19:00
 
Torsdag 30.12
– Sandane 15:00 – 19:00
– Stryn 12:00 – 19:00
– Florø 10:00 – 15:00
– Måløy 11:00 – 15:00
– Eid 12:00 – 17:00
– Selje 12:00 – 15:30
Informasjon fyrverkeri

Informasjon fyrverkeri

Viktig informasjon: Kommunale avfallsmottak har ikke lov til å motta fyrverkeri før juli 2022!

Miljødirektoratet har besluttet at harmonisering av Avfallsforskriftens paragraf 11 med ny forskrift om pyrotekniske artikler (DSB) allikevel  ikke trer i kraft fra 1. januar 2022. Ikrafttredelsesdato blir istedet 1. juli. Ny forskrift om pyrotekniske artikler vil heller ikke tre i kraft fra 1. januar.

Konsekvensen er at det ikke er tillatt å motta fyrverkeriavfall ved kommunale mottak fra kommende nyttår.


Innlevering av julepapir og papp i romjula

Innlevering av julepapir og papp i romjula

Innlevering av julepapir:
I romjula og ut veke 1 tek gjenbruksstasjonane imot julepapir kostnadsfritt.
Dette skal vere pakka i gjennomsiktige sekkar, som berre skal innehalde julepapir.
I tillegg kan ein få levere papp kostnadsfritt i samme perioden.
Vilkår: 
Julepapir skal være i ein eigen gjennomsiktig sekk utan noko anna i.
Nomil sine sekkar for plastemballasje skal ikkje brukast til levering av avfall til gjenbruksstasjonane