Ledig stilling: Konsulent – informasjon og administrasjon

Ledig stilling: Konsulent – informasjon og administrasjon

Nomil har ledig stilling som konsulent i 100%!

Vi treng nokon som kan ta hand om NoMil sitt informasjonsarbeid, administrere heimesider og sosiale medier, planlegge renovasjonsruter og ellers ta del i NoMil sin administrasjon.

Vi ser etter ein person med stå-på-vilje og gode haldningar. Gode kommunikasjonsevner, interesse for informasjonsarbeid, gode dataferdigheiter og samarbeidsevne er viktige eigenskapar for stillinga. Kjennskap til drift av nettsider, samt grunnleggjande grafisk arbeid er ein fordel.

Stillinga har tilhaldsstad ved NoMil sin sentraladministrasjon i Eidsmona i Gloppen. 

Du kan lese meir om stillinga her.

Tykkjer du dette verkar spennande, kan du sende søknad og CV til post@nomil.no. Merk e-posten med “Konsulent”.

Søknadsfrist er 13.desember 2019