Frå 1.mars 2020 skal avfall som leverast til gjenbruksstasjonane til Nomil, leverast i gjennomsiktige sekkar. Årsaka er myndighetskrav om auka mottakskontroll ved avfallsanlegga rundt om i landet.
Ved fleire høver vert det levert farleg avfall og asbest i svarte sekkar på gjenbruksstasjonane. Levering av elektronisk avfall, batteri og sprayboksar som restavfall fører til mange brannar i avfallsanlegga. I tillegg kan skjulte metallbitar i restavfallet føre til kostbare skader på utstyr.
Sorteringa av avfallet vert også betre ved levering i gjennomsiktige sekkar, og operatørane på gjenbruksstasjonane har moglegheit til å gjere ein betre jobb, både i forhold til mottakskontroll av avfall og med rettleiing til avfallssorteringa. Faktisk syner plukkanalyser gjort av SIMAS i Sogn, at heile 75% av restavfallet kunne vore sortert!
Avfall som vert levert i svarte sekkar etter 1.mars vert spretta opp for kontroll av innhaldet. Ein kan framleis levere avfall laust på henger eller i bil, då dette avfallet er mogeleg å kontrollere for operatørane.
Slik som med svarte avfallssekkar, må kundane sjølve skaffe gjennomsiktige avfallssekkar. Sekkane finn ein for sal i dei fleste daglegvarebutikkar.
I fyrste omgong gjeld krav om levering av avfall i gjennomsiktige sekkar berre ved levering til gjenbruksstasjonane våre. Utleverte svarte Nomil-avtalesekkar kan framleis nyttast til framsetting ved restavfallsdunken. Vi får inn nye gjennomsiktige avtalesekkar på lager i løpet av våren.