Ledig stilling som operatør gjenbruksstasjon i Florø

Ledig stilling som operatør gjenbruksstasjon i Florø

Nordfjord Miljøverk – NoMil – er eit interkommunalt renovasjonsselskap for

kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og Kinn.

Selskapet si hovudoppgåve er knytt til avfallshandtering i kommunane.

Selskapet har hovudkontor på Sandane og avdelingar på Nordfjordeid og i Florø

 

 

Vi har ledig stilling i 100% som:

OPERATØR GJENBRUKSSTASJON

Vi søker etter ein kollega til vår nye gjenbruksstasjon i Purkehola i Florø. Der vi skal ta i mot og mellomlagre avfall frå hushaldningsabonnentar og bedrifter i regionen.

 

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:

  • Drift av gjenbruksstasjon
  • Rettleiing av hushaldning- og næringskundar med omsyn til sortering
  • Mottak, sortering og handtering av ordinært og farleg avfall
  • Journalføring, pakking og klargjering av farleg gods
  • Avvikshandtering etter gjevne retningslinjer
  • Andre oppgåver knytt til dagleg drift

Vi ser etter deg som:

  • Er påliteleg, nøyaktig og strukturert
  • Jobbar sjølvstendig, systematisk og etter føre-var-prinsippet
  • Har gode haldningar til sikkerheit og bruk av verneutstyr
  • Er serviceinnstilt og klar for nye utfordringar
  • Har gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

 

Erfaring med handtering av kjemikalie eller farleg avfall vil vere eit stort pluss.

Tilsett vil få opplæring, og grunnleggande forståing for kjemi er avgjerande for arbeidet med farleg avfall. Søkar som ikkje har maskinførarbevis må ta dette ved tilsetting.

 

Vi tilbyr:
Fast 100% stilling i ein framtidsretta bransje.
Sjanse til å utgjere ein forskjell for miljøet kvar dag
God pensjonsordning

Stillinga rapporterer til driftsleiar for gjenbruksstasjonane, og vil samarbeide nært med miljøkonsulent.

Om dette høyrest interessant ut, ta kontakt med driftsleiar Frode Denk tel 915 31 042.
Søknad og cv sendast til post@nomil.no og merkast med «Operatør Florø»

Søknadsfrist: 08.07.2020