Ledig stilling som mekanikar

Ledig stilling som mekanikar

Nordfjord Miljøverk – NoMil – er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og Kinn.  Selskapet si hovudoppgåve er knytt til avfallshandtering i kommunane. Selskapet har hovudkontor på Sandane og avdelingar på Nordfjordeid og i Florø

 

Vi har ledig stilling i 100% som:

MEKANIKAR

 

Arbeidsoppgåver
Til å utføre og ha ansvar for service/vedlikehald/reperasjon av våre lastebilar, anleggsmaskiner, stålcontainerar med meir, søkjer vi ein dyktig og serviceinnstilt mekanikar. Erfaring med sveising og hydraulikk vil bli vektlagt. Du må i tillegg kunne ta del i anna førefallande arbeid.  

Oppmøtestad er hovudanlegget på Sandane.

 

Kvalifikasjonar
Vi søker ein medarbeidar med stå-på-vilje, gode haldningar, god praktisk sans og gode kommunikasjonsevner.  Du er ein person som har:

  • relevant utdanning/fagbrev og arbeidserfaring
  • emne til å arbeide sjølvstendig og effektivt
  • positiv haldning og serviceinnstilt med fokus på HMS
  • maskinførarbevis og sertifikat klasse BE/C er ynskjeleg

 

Vi tilbyr
Strukturerte arbeidsoppgåver i ein framtidsretta bransje og eit godt arbeidsmiljø. Løn etter avtale og god pensjonsordning i KLP. Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til driftsleiar Frode Denk tlf. 915 31 042 eller sjå www.nomil.no.

 

Søknad og CV skal sendast til: soknad@nomil.no merka «Mekanikar» eller til vår postadresse

Eidsmona 36, 6823 Sandane

Søknadsfrist: 23. september 2021