Ledig stilling som reinhaldar

Ledig stilling som reinhaldar

Nordfjord Miljøverk – NoMil – er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og Kinn.  Selskapet si hovudoppgåve er knytt til avfallshandtering i kommunane. Selskapet har hovudkontor på Sandane og avdelingar på Nordfjordeid og i Florø

 

Vi har ledig stilling i 25% som:

REINHALDAR

 

Arbeidsoppgåver
Reinhald i aktuelle bygg etter nærmare avtale

Førefallande arbeid som vask av vindauge, boning av golv m.m

 

Kvalifikasjonar
Vi søker reinhaldar med stå-på-vilje, gode haldningar, god praktisk sans og gode kommunikasjonsevner.  Våre ynskjer om deg:

  • det er ynskjeleg at du har fagbrev som reinhaldsoperatør, men det er ikkje eit krav
  • du er arbeidsam og fleksibel
  • du er samarbeidsvillig og kan finne gode løysningar
  • du har ei bevisst haldning til ergonomi for å førebyggje helseskadar og slitasje
  • du forstår og kan gjere seg forstått på norsk

 

Vi tilbyr
Strukturerte arbeidsoppgåver i ein framtidsretta bransje og eit godt arbeidsmiljø. Løn etter avtale og god pensjonsordning i KLP. Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til driftsleiar Frode Denk tlf. 915 31 042 eller sjå www.nomil.no.

 

Søknad og CV skal sendast til: soknad@nomil.no merka «Reinhaldar» eller til vår postadresse

Eidsmona 36, 6823 Sandane

Søknadsfrist: 23. september 2021