Ledig stilling som operatør gjenbruksstasjon i Florø

Ledig stilling som operatør gjenbruksstasjon i Florø

 

Nordfjord Miljøverk – NoMil – er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og Kinn.  Selskapet si hovudoppgåve er knytt til avfallshandtering i kommunane. Selskapet har hovudkontor på Sandane og avdelingar på Nordfjordeid og i Florø.

 

 

Vi har no ledig stilling i 100% som:

OPERATØR GJENBRUKSSTASJON

Vi søker etter ein ny kollega ved vår avdeling i Purkehola i Florø, med hovudoppgåve som operatør ved gjenbruksstasjonen. I tillegg må søkjar har utvida førarkort for lastebil, då det til tider er behov for ekstra kapasitet som renovatør/sjåfør i renovasjonsavdelinga.

 

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:

  • Ordinære driftsoppgåver, samt tilrettelegging og etterarbeid ved gjenbruksstasjonen
  • Rettleiing av hushaldning- og næringskundar med omsyn til sortering
  • Mottak, sortering og handtering av ordinært og farleg avfall
  • Journalføring, pakking og klargjering av farleg gods
  • Avvikshandtering etter gjevne retningslinjer
  • Arbeidsoppgåve som renovatør/sjåfør på renovasjonsbil og servicebil ved behov
  • Andre oppgåver knytt til dagleg drift

Vi ser etter deg som:

  • Er påliteleg, nøyaktig og strukturert
  • Jobbar sjølvstendig, systematisk og etter føre-var-prinsippet
  • Har gode haldningar til sikkerheit og bruk av verneutstyr
  • Er serviceinnstilt og klar for nye utfordringar
  • Har gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

 

Erfaring som sjåfør og handtering av farleg avfall vil verte vektlagt.

Tilsett vil få opplæring, og grunnleggande forståing av arbeidet med farleg avfall.

Søkar som ikkje har maskinførarbevis må ta dette ved tilsetting.

 

Vi tilbyr:
Fast 100% stilling i ein framtidsretta bransje.
Sjanse til å utgjere ein forskjell for miljøet kvar dag
God pensjonsordning

Stillinga rapporterer til formann ved gjenbruksstasjonen eller avdelingsleiar.

Om dette høyrest interessant ut, ta kontakt med avdelingsleiar Tor Olav Sande tel 905 96 767 eller driftsleiar Frode Denk tel 915 31 042.
Søknad og cv sendast til soknad@nomil.no og merkast med «Operatør Florø»

Søknadsfrist: 15.11.2021