Ledig stilling som sjåfør vogntog

Ledig stilling som sjåfør vogntog

Nordfjord Miljøverk – NoMil – er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og Kinn.  Selskapet si hovudoppgåve er knytt til avfallshandtering i kommunane. Selskapet har hovudkontor på Sandane og avdelingar på Nordfjordeid og i Florø.

 

Vi har ledig stilling i 100% som:

SJÅFØR VOGNTOG

Arbeidsoppgåver
Til containertransport med krokbil i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, søkjar vi dyktig og serviceinnstilt sjåfør. Oppmøtestad er vårt hovudanlegg i Eidsmona på Sandane, stillinga rapporterer til driftsleiar.

Kvalifikasjonar
Vi søker sjåfør med stå-på-vilje, gode haldningar, god praktisk sans og gode kommunikasjonsevner.  Du er ein person som har:

  • sertifikat klasse CE
  • arbeidserfaring som sjåfør vert vektlagt
  • emne til å arbeide sjølvstendig og effektivt
  • god fysikk, positiv haldning og serviceinnstilt
  • maskinførarbevis er ynskjeleg

 

Vi tilbyr:

  • Fast 100% stilling i ein framtidsretta bransje
  • Sjanse til å utgjere ein forskjell for miljøet kvar dag
  • God pensjons- og forsikringsordning i KLP

 

Om dette høyrest interessant ut, ta kontakt med driftsleiar Frode Denk tel 915 31 042.
Søknad og CV sendast til soknad@nomil.no og merkast med «Sjåfør Sandane»

Søknadsfrist: 20.01.2022