Asbest og eternitt

NoMil har mottak for mindre mengde asbesthaldig materiale, som t.d. eternitt, på alle gjenbruksstasjonane. Større mengder kan ein levere til NoMil sitt hovudanlegg i Eidsmona utanfor Sandane, etter avtale.
Her finn du eit faktaark om pakking av asbest, og kva du må gjere før du leverer.

Helsefare ved asbest
I Norge er det forbod mot bruk og handtering av asbest grunna helsefare, med unntak for renovering. Asbest er kreftframkallande, og kan føre til alvorleg sjukdom på lunger og luftvegar. Det finst ingen kur for asbestskadde luftvegar, og å unngå innanding av asbestfiber er einaste måte å beskytte seg på. Krava til innpakking og handtering er sett for å kunne verne om helsa til dei tilsette.  Ein rår alle privatpersonar til å late eit firma ta seg av sanering, riving, pakking og levering av asbest.

bilete av produkt som kan inneholde asbest/eternitt

Kvar finn ein asbest?
Asbest førekjem i omlag 5000 ulike stoff, som i hovudsak har vore nytta til bygg og anlegg. Det best kjente produktet med asbest er eternitt. Andre kjente produkt med asbest, som er solgt under særskilte namn, er: internitt, pernitt, glasal og asbestolux.  Asbest førkjem t.d. også i: rørisolasjon, fugemasse, flammehammande tekstil, ventilasjonskanalar, lyddempande byggemateriale, fliser, branntepper, pakningar, avrettingsmasse, golvbelegg og isolasjon. I mange tilfeller vil også lekter eller anna som har vore dekka med asbesthaldig byggematerialer vere å rekne som asbesthaldig materiale, då desse også har asbestfiber.Det er den som produserer avfallet sitt ansvar at det vert handtert på rett måte.  

 

 

Pakking
Det er strenge reglar for korleis asbest skal vere pakka, for å få lov å levere den til deponi. Om du ikkje har pakka asbesten i samsvar med krava kan vi ikkje ta i mot den.

Her finn du sjekkliste for pakking av asbest 

Om materialet du har ikkje let seg stable på pall, ta kontakt med oss for å få rettleiing om alternative løysingar

 

Bilete av korleis pakke inn avfall som inneheld asbest/eternitt