Returkartonglotteriet

Alle kan delta og vinne i Returkartonglotteriet – privatpersonar , organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag osv. Årleg vert det delt ut premiar for til sammen 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premier á kr. 10.000, og 4 premier á kr. 100.000.

Kartongane leveres i dunken for papp og papir. Legg gjerne kartogane i ein bærepose øverst i dunken, slik at det er lettare for oss å plukke dei ut.

Du har to val om du vil delta i Returkartonglotteriet. Enkle kartongar og kubbar. Kvar enkelt kartong er eit lodd. Skyll kartongen, press den flat og skriv navn og telefonnummer på den du vil skal vinne. Slik kan du vere med i trekninga om kr 10 000,-.

For å vinne kr 100 000,-  må du framleis skylle, brette og stappe minst seks drikkekartongar i ein sjuande til ein kubbe. Korkar og lokk kan henge utanfor. Skriv navn og telefonnummer på kubben. For skulemjølk-kartongar gjeld fire kartongar oppi den femte. Kubbane er også med i trekningane om kr 10 000,-.

Kubbane trekkast ut på Nomil sitt sentralanlegg i Eidsmona. Vi trekkjer 2 kartongar/kubbar som vert med i nasjonal trekking. Vi gjennomfører trekking i Returkartonglotteriet 1 gong i kvartalet. I den nasjonale trekkinga vert det kvart kvartal trekt ut  30 premier à kr. 10.000,- , og fra kun kubbane trekkast 1 premie à kr. 100.000,-.