Informasjon om fritidsabonnement

Bilete av hyttecontainer m/ små innkastluker

Ordninga med renovasjonsabonnement for hytter, fritidshus og sekundærbustader, er lik i alle Nomil sine eigarkommunar. Som del av føreskrifta, har kommunestyra vedteke at fritidsrenovasjon skal vere ein ordning der abonnenten sjølv tek med avfallet til eit returpunkt for restavfall.

På returpunkta vil det stå container eller store dunkar for hytterenovasjon. I desse kan du levere same type avfall som du leverer i dunkane heime. Det er ikkje sortering på fritidsrenovasjon. Containerane/dunkane har små innkastluker der ein skal få inn bereposar. På same måte som heime, må større gjenstandar og mengder, ee-avfall og farleg avfall leverast på gjenbruksstasjon.

Kommunane har fastsett ein gradert gebyrskala med høg, middels og låg gebyrsats. Gebyrsatsen vert sett ut frå hytta/fritidsbustaden sin standard og tilgjengelegheit. Gebyret vert justert kvart år, etter vedtak i kommunestyret, og går fram av gebyrføreskrifta. Du mottek ein faktura for hytterenovasjon i året.

  • Høg sats er 50% av eit standard gebyr. I 2024 tilsvarer dette kr. 2 419,-
  • Middels sats er 30% av standard gebyr. I 2024 tilsvarer dette kr. 1451,-
  • Låg sats er 10% av standard gebyr. I 2024 tilsvarer dette kr. 484,-

For meir informasjon om korleis vi fastsett gebyrsatsane viser vi til Nomil si standardføreskrift og gebyrføreskrift.

Kvar står hyttecontainerane?
Alle hyttecontainerane til Nomil ligg som returpunkt for hytterenovasjon i tenesta www.sortere.no
Lenkane under skal ta deg til kart som viser returpunkt for hytterenovasjon i din kommune.

Returpunkt i Bremanger
Returpunkt i Gloppen
Returpunkt i Kinn
Returpunkt i Stad
Returpunkt i Stryn