Fritidsrenovasjon

Kinn kommune har innført tvungen renovasjon for alle hytter og fritidsbustadar. Kommunen har fastsett ein gradert gebyrskala, avhengig av standard og kor tilgjengeleg fritidsbustaden er. Les meir i føreskriftene som regulerer Nomil sitt arbeid.

  • Høg sats er 50% av eit standard gebyr.
  • Middels sats er 30% av standard gebyr.
  • Låg sats er 10% av standard gebyr.

Merk! Frå 01.01.2020 har også tidligare Vågsøy kommune fått innført tvungen renovasjon på lik linje som resten av Kinn kommune.

For nærare informasjon – ta kontakt med NoMil.

Avfall frå hytter og fritidsbustadar skal ein levere i særskilte containerar. I hyttecontainerane kan ein levere plastemballasje, papp/papir, våtorganisk avfall og restavfall. Hyttecontainerane har små innkast luker. Sekkar og større gjenstander må ein levere på gjenbruksstasjon. Større mengder avfall, metall, hageavfall, farleg avfall, ee-avall, avfall frå bygg mm. må ein også levere på gjenbruksstasjon.

Plassering av hyttekonteinarar:

Du finn kart som viser nøyaktig plassering, og der du kan hente køyrerute, på www.sortere.no. Velg “Vis leveringssteder i” og søk på Kinn kommune.