Lurer du på korleis du skal sortere? Om avfallet ditt skal i den eine eller den andre dunken, eller kanskje det skal leverast på gjenbruksstasjon?
www.sortere.no er ein nasjonal portal for å finne ut korleis ein skal sortere. I tillegg finst det kart som viser plassering av gjenbruksstasjonar. Hugs å sjekke kvar www.sortere.no meiner at du er, stadsnamnet vil stå oppe til høgre i bilete.
Sorteringsinformasjon
Nomil har utarbeida utskriftsvennlege sorteringsguidar. Desse finn du her:
- Her kan du laste ned ei sorteringsguide rettleiing for sortering
- English: Information about source separation of household waste
Sorteringssymbol
Ein del produkt er merka med små bilder, piktogram, som fortel korleis dei skal sorterast. Ei oversikt over symbol og kva dei står for finn du på Grønt Punkt sine nettsider.
Hugs at gjennvinninga startar med rett sortering i heimen.
Ver med på å gje avfallet verdi!
