Gjenbruk og ombruk

Gjenbruk og ombruk er den beste forma for gjenvinning og vert stadig meir populært. Ved å selge, bytte eller gi bort klede, sportsutstyr, møblar og anna kan vi gi dette nytt liv. Det finst mange kanalar en kan nytte om ein ynskjer å kvitte seg med ting og utstyr som andre kan ha glede av; Finn.no, kjøp-slag-gje vekk grupper på Facebook, loppemarknader og bruktbutikkar.

 

Tekstilinnsamling

Flerie aktørar har utplassert innsamlingsutstyr for tekstil i Nordfjord,  mellom anna UFF og Fretex.

I desse innsamlingsboksane kan ein levere tekstil som er heil, rein og tørr, skopar som ikkje er utslitte, smykker, belter o.l. UFF tek og i mot brukte produkt med dun, slik som puter og dyner.

Tekstil som er våt, skitten og utslipp, samt sko som er utslitt leverast som restavfall. Mindre mengder kan leggast i dunken for restavfall. Har du store mengder bør desse leverast til gjenbruksstasjonane.

Oppdatert oversikt over returpunkt skal alltid ligge på heimesidene til UFF og Fretex

  • STRYN KOMMUNE:
    • Stryn sentrum ved drosjesentralen
    • Loen ved Joker
    • Olden
    • Innvik
    • Utvik
  • GLOPPEN KOMMUNE:
    • Byrkjelo ved Best
    • Sandane sentrum ved STIL-stova
    • Reed ved Coop Marked
  • BREMANGER KOMMUNE:
    • Kalvåg sentrum
    • Hauge
    • Svelgen sentrum
  • KINN KOMMUNE:
    • Måløy sentrum ved Kiwi
    • Måløybrua
    • Deknepollen ved Kiwi
    • Bryggja ved Bunnpris
    • Fugleskjærskaia, Florø
    •  Amfi-senteret, Florø
    •  Havhesten, Florø
    • Krokane, ved Matkroken
    • Eikefjord, ved Spar-butikken
  • STAD KOMMUNE:
    • Nordfjordeid ved Esso
    • Nordfjordeid ved Amfi
    • Nordfjordeid ved JYSK
    • Stårheim ved bensinstasjonen
    • Selje sentrum
    • Leikanger