Fritidsrenovasjon

Kinn kommune har innført tvungen renovasjon for alle hytter og fritidsbustadar. For tidlegare Vågsøy kommune er dette ei ny ordning frå 2020. Medan det for tidlegare Flora kommune berre er ei endring i korleis ein fastsett gebyrsatsen. Kommunen har fastsett ein gradert gebyrskala, avhengig av standard og kor tilgjengeleg fritidsbustaden er. Les meir i føreskriftene som regulerer Nomil sitt arbeid.

  • Høg sats er 50% av eit standard gebyr.
  • Middels sats er 30% av standard gebyr.
  • Låg sats er 10% av standard gebyr.

For nærare informasjon – ta kontakt med NoMil.

Som del av føreskrifta, har ein vedteke at fritidsrenovasjon skal vere ei ordning der abbonenten sjølv tek med avfalelt sitt til eit returpunkt. I hyttecontainerane kan ein levere plastemballasje, papp/papir, våtorganisk avfall og restavfall. Hyttecontainerane har små innkast luker. Sekkar og større gjenstander må ein levere på gjenbruksstasjon. Større mengder avfall, metall, hageavfall, farleg avfall, ee-avall, avfall frå bygg mm. må ein også levere på gjenbruksstasjon.

Plassering av hyttekonteinarar:

Du finn kart som viser nøyaktig plassering, og der du kan hente køyrerute, på www.sortere.no. Velg «Vis leveringssteder i» og søk på Kinn kommune.