Nordfjord Miljøverk – NoMil – er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og Kinn. Selskapet si hovudoppgåve er knytt til avfallshandtering i kommunane. Selskapet har hovudkontor på Sandane og avdelingar på Nordfjordeid og i Florø.
Vi har ledig stilling i 100% som:
DRIFTSANSVARLEG
GJENBRUKSSTASJON
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer ein dyktig, påliteleg og serviceinnstilt medarbeidar med ansvar for dagleg drift av gjenbruksstasjonen på hovudanlegget i Eidsmona, og oppfølging og utvikling av våre sju gjenbruksstasjonar i Nordfjord og Florø. Du vil bli involvert i transportoppgåver, samt innkjøps- og beredskapsarbeid knytt til drifta av alle våre gjenbruksstasjonar. Du må i tillegg kunne ta del i anna førefallande arbeid. Oppmøtestad er hovudanlegg i Eidsmona på Sandane.
Kvalifikasjonar
Vi søker medarbeidar med stå-på-vilje, gode haldningar og praktisk sans med gode kommunikasjonsevner. Du er ein person som har:
- relevant utdanning og arbeidserfaring
- emne til å arbeide sjølvstendig og effektivt
- god fysikk, positiv haldning og er serviceinnstilt
- sertifikat klasse CE
- maskinførarbevis er ynskjeleg
Vi tilbyr
Utfordrande arbeidsoppgåver i ein framtidsretta bransje og eit godt arbeidsmiljø. Løn etter avtale og god pensjonsordning i KLP. Vi oppfordrar også kvinner til å søkje.
Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til driftsleiar Frode Denk tlf. 915 31 042 eller sjå www.nomil.no.
Søknad og CV skal sendast til: soknad@nomil.no merka «Driftsansvarleg gjenbruksstasjon» eller til vår postadresse NoMil, Eidsmona 36, 6823 Sandane.
Søknadsfrist: 20. oktober 2022.