Nordfjord Miljøverk – NoMil – er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og Kinn. Selskapet si hovudoppgåve er knytt til avfallshandtering i kommunane. Selskapet har hovudkontor på Sandane og avdelingar på Nordfjordeid og i Florø.
Vi har ledig nyoppretta stilling i 100% som:
HMS/HR KONSULENT
Vi søker etter deg som vil bidra til å gje både kollegaer ein tryggare kvardag, og ta i vare dei tilsette sine rettar og behov innan HMS og HR.
Arbeidsoppgåver
- samordne og leie HMS- og kvalitetsarbeidet i heile organisasjonen
- utarbeide og følgje opp internkontroll, handbøker, risikovurderingar, handlingsplanar, tilsyn og bedriftshelsetenesta sitt arbeid
- vernearbeid og arbeidsmiljøfaglege oppgåver
- leiar for industrivern
- oppgåver knytt til tilsettingar, rekruttering, kompetanseutvikling og andre HR-funksjonar
Du vil og kunne ta del i prosjektarbeid, utviklingsarbeid og andre oppgåver.
Vi søker etter deg som:
- har høgare utdanning innanfor områda HMS, arbeidsmiljø, tryggleik, beredskap eller liknande
- relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- er god til å samarbeide og kommunisere med andre
- kan halde seg oppdatert på lovverk
- kan jobbe med dataverktøy og digitale system
- har sertifikat klasse B
Oppmøtestad er hovudkontor i Eidsmona på Sandane, med oppfølging ute på våre avdelingar og gjenbruksstasjonar. Du vil jobbe nært opp mot miljøkonsulent, økonomikonsulent, verneomboda og avdelingsleiarar.
Vi tilbyr
Utfordrande arbeidsoppgåver i ein framtidsretta bransje med sjanse å utgjere ein forskjell for miljøet kvar dag saman med gode kollega. Løn etter avtale og god pensjonsordning i KLP. Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til dagleg leiar Inge Bent Arnestad tlf. 959 72 144 eller sjå www.nomil.no.
Søknad og CV skal sendast til e-post soknad@nomil.no og merka «HMS/HR KONSULENT».
Søknadsfrist: 20. oktober 2023.