
Nordfjord Miljøverk – NoMil – er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og Kinn. Selskapet si hovudoppgåve er knytt til avfallshandtering i kommunane. Selskapet har hovudkontor på Sandane og avdelingar på Nordfjordeid og i Florø
Vi har ledig stilling i 25% som:
REINHALDAR
Arbeidsoppgåver
Reinhald i aktuelle bygg etter nærmare avtale
Førefallande arbeid som vask av vindauge, boning av golv m.m
Kvalifikasjonar
Vi søker reinhaldar med stå-på-vilje, gode haldningar, god praktisk sans og gode kommunikasjonsevner. Våre ynskjer om deg:
- det er ynskjeleg at du har fagbrev som reinhaldsoperatør, men det er ikkje eit krav
- du er arbeidsam og fleksibel
- du er samarbeidsvillig og kan finne gode løysningar
- du har ei bevisst haldning til ergonomi for å førebyggje helseskadar og slitasje
- du forstår og kan gjere seg forstått på norsk
Vi tilbyr
Strukturerte arbeidsoppgåver i ein framtidsretta bransje og eit godt arbeidsmiljø. Løn etter avtale og god pensjonsordning i KLP. Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til driftsleiar Frode Denk tlf. 915 31 042 eller sjå www.nomil.no.
Søknad og CV skal sendast til: soknad@nomil.no merka «Reinhaldar» eller til vår postadresse
Eidsmona 36, 6823 Sandane
Søknadsfrist: 23. september 2021