
Nordfjord Miljøverk – NoMil – er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og Kinn. Selskapet si hovudoppgåve er knytt til avfallshandtering i kommunane. Selskapet har hovudkontor på Sandane og avdelingar på Nordfjordeid og i Florø.
Vi har ledig stilling i 100% som:
SJÅFØR VOGNTOG
Arbeidsoppgåver
Til containertransport med krokbil i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, søkjar vi dyktig og serviceinnstilt sjåfør. Oppmøtestad er vårt hovudanlegg i Eidsmona på Sandane, stillinga rapporterer til driftsleiar.
Kvalifikasjonar
Vi søker sjåfør med stå-på-vilje, gode haldningar, god praktisk sans og gode kommunikasjonsevner. Du er ein person som har:
- sertifikat klasse CE
- arbeidserfaring som sjåfør vert vektlagt
- emne til å arbeide sjølvstendig og effektivt
- god fysikk, positiv haldning og serviceinnstilt
- maskinførarbevis er ynskjeleg
Vi tilbyr:
- Fast 100% stilling i ein framtidsretta bransje
- Sjanse til å utgjere ein forskjell for miljøet kvar dag
- God pensjons- og forsikringsordning i KLP
Om dette høyrest interessant ut, ta kontakt med driftsleiar Frode Denk tel 915 31 042.
Søknad og CV sendast til soknad@nomil.no og merkast med «Sjåfør Sandane»
Søknadsfrist: 20.01.2022