I Vågsøy kommune er det frivillig renovasjonsordning for fritidshus. Abonnement for fritidshus inneber at ein har rett til å ha avfall frå fritidshuset i spesielle hyttekonteinarar. Desse konteinarane er låste med kombinasjonslås. Kode får ein når ein teiknar abonnement. Gebyret er 35 % av standard gebyr, sjå gebyrforskrifta!

Hyttecontainerane kan berre nyttast av dei som har fritidsabbonement hos NoMil. I hyttecontainerane kan ein levere plastemballasje, papp/papir, våtorganisk avfall og restavfall. Hyttecontainerane har små innkast luker. Sekkar og større gjenstander må ein levere på gjenbruksstasjonen i Vedvika. Større mengder avfall, metall, hageavfall, farleg avfall, ee-avall, avfall frå bygg mm. må ein også levere på gjenbruksstasjonen. Glas og metallemballasje leverer ein på miljøstasjon. 


Plassering av hyttekonteinarar:

  • Måløy, ved KULAKRYSSET på fastlandet, avkøyrsle frå riksveg 15.
  • Silda