Lurer du på korleis du skal sortere? Om avfallet ditt skal i den eine eller den andre dunken, eller kanskje det skal leverast på gjenbruksstasjon?
www.sortere.no er ein nasjonal portal for å finne ut korleis ein skal sortere. I tillegg finst det kart som viser plassering av gjenbruksstasjonar. Hugs å sjekke kvar www.sortere.no meiner at du er, stadsnamnet vil stå oppe til høgre i bilete.
Sorteringsinformasjon
Nomil har utarbeida utskriftsvennlege sorteringsguidar. Desse finn du her:
- Her kan du laste ned ei sorteringsguide rettleiing for sortering
- English: Information about source separation of household waste
Sorteringsrettleiar for glas- og metallemballasje
På Sirkelglass sine nettsider kan du laste ned rettleiar på ulike språk om kva som skal og ikkje skal i den røde dunken. Sorteringsrettleiar
Sorteringssymbol
Ein del produkt er merka med små bilder, piktogram, som fortel korleis dei skal sorterast. Ei oversikt over symbol og kva dei står for finn du på Grønt Punkt sine nettsider.
Sorteringsinformasjon i tekst
Våtorganisk avfall:
Ja takk:
Matavfall, Tørkepapir tilgrisa med mat, Serviettar tilgrisa med mat, Kaffigrut, Kaffifilter, Teposar, Eggeskal, Avskorne blomar og potteplantar, Hageavfall
Nei takk:
Daude dyr, Hud/skinn/store kjøtbein, Barnebleier, Hundeposar, Kattesand, Snus og røyk, Bomull og q-tips, Tyggis, Matavfall med emballasje, Store restar feitt og matolje
Restavfall:
Ja takk:
Plast som ikkje er emballasje, Tilgrisa papp/papir, Tilgrisa plast Vaksen- og barnebleier, Bind, Avkjølt oske, Farga gavepapir, Støvsugarposar, Porselen, Glas som ikkje er emballasje
Nei takk:
Gjenstandar av metall
Papp og papir:
Ja takk:
Reint og tørt papir, Rein og tørr papp, Rein og tørr kartong, Aviser, Vekeblad, Reklame, Brunt papir, Drikkekartong
Nei takk:
Tilgrisa vått papir/papp, Farga gavepapir
Glas- og metallemballasje:
Ja takk:
Rein emballasje av glas og metall, Glasflasker utan pant, Syltetøyglas, Hermetikkboksar, Drikkeboksar utan pant, Beger/former av metallfolie, Korkar /lokk av metall, Aluminiumsfolie
Nei takk:
Metall som ikkje er emballasje, Porselen, Keramikk, Krystall, Drikkeglas, Eldfast glas, Speil, Vindauge
Plastemballasje:
Ja takk:
Rein og tørr plastemballasje, Bereposar, Plastposar, Plastfolie, Plastflasker utan pant, Små plastkanner, Youghurtbeger, Rømmebeger, Blomsterpotter i plast
Nei takk:
Plast som ikkje er emballasje til dømes leikar, tannbørste og hagemøblar, Gjenknytte bæreposar, Tilgrisa plastemballasje, Vednett, lsopor, Strips/pakkeband, Medisinsk avfall, Plastemballasjes som har innehalde giftig stoff