Om oss

Nordfjord Miljøverk IKS (NoMil) er eit interkommunalt renovasjonsselskap til kommunane Bremanger, Kinn, Stad, Gloppen og Stryn. Til saman er det rundt 44 000 innbyggjarar i desse kommunane. NoMil si hovudoppgave er å ta hand om hushaldningsavfallet som oppstår i kommunane. NoMil administrerer mellom anna renovasjonskøyring, mottak av avfall på returpunkt, samt vidaresending av avfall, i tråd med vedtak i kommunane. 


NoMil yter tilsvarande tenester også til næring.


Nomil logo

NoMil sin administrasjon og hovudkontor ligg i Eidsmona i Gloppen kommune. Her er også sentralanlegget for avfallsmottak lokalisert. I tillegg driv NoMil gjenbruksstasjonar i alle eigarkommunane. Ei oversikt over stasjonane finn du her.

Vår visjon

NoMil arbeider for å gi avfallet vi produserar ein verdi, samt å nytte dette som ein resurs. Dette vert gjort gjennom sortering av avfallet, og ved å sende avfallet til gjenvinning. Dette er bra for miljøet!

Ved å sortere avfallet og levere dette gjennom henteordningane våre eller på gjenbruksstasjonane, kan alle våre abonnentar vere med på å gje avfallet verdi.

Vår visjon er difor:

 

Bilete av slagordet: Saman for eit betre miljø