I 2017 vart det innført ei ordning for handtering av kasserte fritidsbåtar. Ordninga gjev rett til vrakpant på båten for den som leverer. Meir informasjon om ordninga finn du hos Miljødirektoratet
Små fritidsbåtar
Som små fritdsbåtar reknar ein: fritidsbåtar som er mindre enn 15 fot/4,57 m, og som ikkje har innanbords motor (t.d. robåt, kajakk, kano, jolle). Desse kan leverast kostnadsfritt, i samsvar med Avfallsforskriften kap 2. Du kan levere inn desse på følgjande stadar:
Bremanger
Gjenbruksstasjonen i Smørhamn
Gloppen
Nomil sitt anlegg i Eidsmona
Kinn
Gjenbruksstasjonen i Vedvika
Vartdal gjenvinning i Botnastranda i Florø
Stad
Gjenbruksstasjonen på Haugen
Gjenbruksstasjonen i Selje
Stryn
Gjenbruksstasjonen på Svarstad
Husk å ta med skjema for å søke om vrakpant på båt
Større fritidsbåtar
Fritidsbåtar inntil 30 fot, og som maksimalt veg 3 tonn, kan leverast til Nomil sitt hovudanlegg i Gloppen, til gjenbruksstasjonen i Vedvik. Vi driftar her mottak på vegne av Viking gjenvinning. Levering av båtar i denne kategorien kan berre gjerast etter avtale på førehand. Du må sjølv transportere båten til mottaket, men sjølve leveringa er kostnadsfri. Båtar som er større og/eller tyngre enn 30 fot/ 3 tonn leverast direkte til Viking gjenvinning, men det er ikkje kostnadsfritt å levere desse. Ta kontakt med Viking gjenvinning om du har spørsmål til ordninga, eller ikkje kan levere båten til mottak sjølv.
Vrakpant
Vrakpant vert betalt ut av Miljødirektoratet, etter søknad. Korleis du går fram for å søke står forklart på skjemaet frå Miljødirektoratet.
Kva skjer med båten?
Båtane som Nomil tek i mot vert levert til Vikting gjenvinning sitt anlegg på Godøya, utanfor Ålesund. Då ordninga med vrkapant vart innført, var Viking eit av to anlegg i Noreg, som hadde godkjenning til å ta i mot båtar til gjenvinning.
NoMil sender av og til ut SMS varsel med viktig informasjon, til dømes ruteendringar eller utdeling av materiel. Varselet blir sendt til mobilnummer som er knytt opp mot fødsel- og personnummer til eigar av eigedom i eigedomsmatrikkel. Får du ikkje varsel må du sjekke at du ligg inne med riktig info.
Dette gjør du i kontakt og reservasjonsregisteret