Returkartonglotteriet

Alle kan delta og vinne i Returkartonglotteriet – privatpersonar , organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag osv. Årleg vert det delt ut premiar for til sammen 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premier á kr. 10.000, og 4 premier á kr. 100.000.

Kartongane leveres i dunken for papp og papir. Legg gjerne kartogane i ein open/uknytt bærepose øverst i dunken, slik at det er lettare for oss å plukke dei ut.

Bilete av melkekartong (info returkartonglotteriet)

Skyll kartongen, press den flat og skriv navn og telefonnummer til den du vil skal vinne. Du kan delta med alle typar drikkekartong og uansett om dei er store eller små. Kartongane med navn og nummer kildesortarer du som normalt, for de fleste er det saman med papp og papir. Sjekk korleis du sorterar drikkekartong i din kommune.

Drikkekartong er emballasje for drikke og flytande matvarer. Dei kan innehalde for eksempel melk, drikkeyoghurt, kefir, juice, vin, bønner, hakka tomatar, sauser og puddingar. Slike kartongar brukast også til flytende vaske- og skyllemidler. Men har dei inneholdt farleg avfall som spylarvæske, bør dei kastast i restavfallet.

Du kan velge om du vil levere kartongane enkeltvis eller i kubbar. Det er ikkje noko krav til kor mange kartongar som skal være i ein kubbe. Alle kartongar med navn og nummer er med i trekninga av 10.000 eller 100.000 kroner.

 

Kubbane trekkast ut på Nomil sitt sentralanlegg i Eidsmona. Vi trekkjer 2 kartongar/kubbar som vert med i nasjonal trekking. Vi gjennomfører trekking i Returkartonglotteriet 1 gong i kvartalet. I den nasjonale trekkinga vert det kvart kvartal trekt ut  30 premier à kr. 10.000,- , og 1 premie à kr. 100.000,-.