Gjenbruksstasjonane til NoMil er bemanna mottak, som har ei avgrensa opningstid, 1 – 2 dagar i veka. På gjenbruksstasjonane er det mottak for det meste, t.d. farleg avfall, elektriske artiklar, trevirke, hageavfall og større gjenstandar som ikkje eignar seg å ha oppi renovasjonsdunk.
Dette kan likevel ikkje leverast til gjenbruksstasjon:
- Eksplosivt avfall, som t.d. ammunisjon og fyrverkeri. – ta kontakt politiet for rettleiing.
- Medisin til mennesker og dyr eller andre varer kjøpt på apotek. -Desse kan du levere gratis direkte til apoteket.
- Våtorganisk avfall, alt slik avfall må du levere i den brune dunken du har heime.
- Bildekk, dekk til traktor og anleggsmaskin. Desse leverer du til forhandlar.
- Smittefarlig avfall.
- Avfall som kan sjølvtenne
- Organiske peroksider i fareklasse 5.2 (t.d. nokre typar herdar)
- Radioaktivt amteriale
Vi minner om at elektriske og elektroniske produkt kan leverast til forhandlar. Dette gjeld også for gassbeholdarar.
Kva kostar det å levere avfall på gjenbruksstasjonane?
Prisar hushald – Prisar næring
Våre gjenbruksstasjonar - trykk på bilete for kart
Gloppen kommune, Eidsmona
Opningstider:
Måndag kl 10.00 – 15.00
Torsdag kl 15.00 – 19.00
Gjenbruksstasjonen i Gloppen ligg ved setralmottaket til NoMil i Eidsomna.
Stryn kommune, Svarstad
Opningstider:
Tysdag kl 12.00 – 19.00
Torsdag kl 12.00 – 19.00
Gjenbruksstasjonen i Stryn ligg på området til Tenden Miljø. Det er også Tenden Miljø som driftar stasjonen for NoMil.
Vågsøy kommune, Vedvik
Opningstider:
Måndag kl 15.00 – 19.00
Torsdag kl 11.00 – 15.00
Gjenbruksstasjonen i Vågsøy ligg ved Vedvik på Nordvågsøy.
Eid kommune, Haugen
Opningstider:
Tysdag kl 16.00 – 19.00
Torsdag kl 09.00 – 15.00
Gjenbruksstasjonen på Eid ligg på Ortra sitt område på Haugen.
Bremanger kommune, Svelgen
Opningstider:
Onsdag kl 13.00 – 19.00
Gjenbruksstasjonen i Svelgen ligg på nordsida av nordgulen på veg på Dyrstad.
Bremanger kommune, Smørhamn
Opningstider:
Tysdag kl 13.30 – 19.00
Gjenbruksstasjonen i Ytre Bremanger ligg ved den ferjekaia i Smørhamn.
Selje kommune, Kommunelageret
Opningstider:
Tysdag kl 15.30 – 20.00
Torsdag kl 12.00 – 15.30
Gjenbruksstasjoen i Selje ligg på kommunen sitt område (kommunelageret) sør for Selje sentrum.
Hornindal kommune, Grodås
Opningstider:
Tysdag ordinært kl 15.00 – 17.00
Siste tysdagen i månaden kl 15.00 – 18.00
Gjenbruksstasjonen i Hornindal ligg nordvest for Gordås sentrum ved Ekornes/Haugen Motor.
*På Grodås i Hornindal er det mottak for restavfall, metall og farleg avfall. Anna avfall (trevirke, EE-avfall m.m.) må leverast på gjenbruksstasjonen på Svarstad i Stryn (sjå opningstider over).