Farleg avfall

Kva er farleg avfall?
Avfall som kan føre til alvorleg forureining, miljø- eller helseskade er farleg avfall. Døme på farleg avfall er måling, lim, olje, løysemiddel, etsande avfall, sterke reingjeringsmiddel, plantevernmiddel, sprayboksar, oljefilter og batteri. Kriteria for kva som er å rekne som farleg avfall finn ein i avfallsforskrifta §11-2.

Byggemateriale kan også vere farleg avfall. Døme på dette er isolerglasruter, golvbelegg av vinyl, røyrisolasjon, isolasjonsskum og asbesthaldig avfall (t.d. Eternitt).

Det gjeld særskilte reglar for levering av asbesthaldig avfall, som t.d. eternitt. Levering skal varslast og avtalast med gjenbruksstasjonen på førehand. Slikt avfall må pakkast på rett måte før det vert levert. Om det ikkje er pakka forsvarleg tek ikkje gjenbruksstasjonen mot avfallet.

Les meir om levering av asbest og eternitt

Kvar kan ein levere farleg avfall?
Alle Nomil sine gjenbruksstasjonar tek i mot farleg avfall.
Lyspærer, lysrør og batteri kan ein levere inn på alle butikkar som sel dette
Gassflasker kan leverast inn att til forhandlar.


Før du leverer farleg avfall frå privathushald:

  • Farleg avfall må leverast i heil og tett emballasje.
  • Om avfallet ikkje er i originalemballasje, må du merke embalalsjen med kva det inneheld.

Farleg avfall frå næringsverksemd:

Etter avfallsforskriften er alle som driv næring, herunder også kommunane og bønder, pålagt å dokumentere kva slags farleg avall dei leverer. Dette gjerast gjennom eit skjema kalla ein deklarasjon. Ein må opprette ein brukarkonto på www.avfallsdeklarering.no og fylle ut skjema elektronisk. Skjemaet skal følgje med det farlege avfallet når det vert levert til gjenbruksstasjon. Om ein ikkje ønsker å fylle ut skjamet sjølv, kan ein overføre ei fullmakt frå avfallsdeklarering til Nomil. Dette gjev Nomil høve til å fylle ut skjemaet for deg. Vi tek oss betalt for denne tenestaLes meir her eller ta kontakt med oss for informasjon og rettleiing. 

Gjenbruksstasjonane våre har ikkje løyve til å ta i mot:

  • Eksplosivt avfall, t.d fyrverkeri, ammunisjon og sprengstoff
  • Avfall som er smittefarleg
  • Stoff som kan sjølvtenne t.d. kvitt fosfor
  • Radioaktivt materiale

Kva kostar det å leverer farleg avfall?
Frå privat hushald kan ein levere inn til 1000 kg farleg avfall vederlagsfritt pr. år. I tillegg kan ein levere inntil 500 kg pcb-haldig isolerglass vederlagsfritt pr. år. Desse ordningane er lovbestemt frå nasjonalt hald (Avfallsforskriften §§ 11-10 og 14-3), og kostnadane til handtering av dette avfallet vert dekka inn av renovasjonsgebyret. Ved levering utover desse ordningane må ein betale for å levere farleg avfall. 

Verksemder må betale for all levering av farleg avfall. Ein vert fakturert i etterkant på bakgrunn av mengde og kva type farleg avfall ein har levert. Behandlingskostnadane for enkelte typar farleg avfall er høge. Ta kontakt med oss for å få prisar på det di verksemd leverer.