Florø sone 1-5 (Sentrum/Brandsøya)
Her vert bioposar og sekkar til plastemballasje levert ut på fast rute, med utlevering for 1 års forbruk. Utleveringa vert annonsert under aktuelt på heimesida og på Facebook, samt varsla pr sms på førehand.
Har ein behov for meir, må ein ta kontakt med Nomil, eller kjøpe dette på gjenbruksstasjonen i Purkehola.
I 2022 kostar 1 rull med bioposar kr. 55 inkl.mva
I 2022 kostar 1 rull med sekkar til plastemballasje kr.100 inkl.mva
Unntak vert sameige/burettslag, samt abonnentar som delar dunkar. Dei må ta kontakt med kontoret for utlevering med servicebil.
Distriktet rundt Florø (sone 6-8) skal framleis feste lapp på dunk, men frå februar/mars 2023 vil dei gå inn i samme ordning som Florø sentrum.
Nordfjord (rute 1-40)
Frå oktober 2022 får abonnentar i Nordfjord ny ordning. Bioposar og sekkar til plastemballasje vert no levert på fast rute, med utlevering av 1 års forbruk. Utleveringa vert annonsert under aktuelt på heimesida og på Facebook, samt varsla pr sms på førehand.
Det vert utlevert 200 bioposar og 18 plastsekkar pr betalande bueining pr år. Evt forbruk utover dette kan kjøpast ved å kontakte Nomil. Plastsekkar (1 rull) kr 100,- og bioposar (1 rull) kr 55,-
Unntak vert sameige/burettslag, samt abonnentar som delar dunkar. Dei må ta kontakt med kontoret for utlevering med servicebil.
Telefon 57 00 94 00 eller E-post: post@nomil.no
Komposterbare bioposar
Våre bioposar er komposterbare. Dette betyr at dei er framstilt av eit materiale som vert nedbrote til ufarlege stoff. Dei er tilpassa nedbryting under dei forhold som finst i industrielle komposteringsanlegg.
Bioposane bryast ikkje ned på same måten ute i naturen eller i heimekomposten. Bioposane skal difor berre nyttast på matavfall som leggast i dunken med brunt lokk. Fordi posane er komposterbare vil dei påverkast av t.d. fukt, temperatur og lys. Bioposar vil difor tape kvalitet under lagring. Du kan oppleve at posane vert sprøe og går sund når ein tek i dei. Vi deler difor ut berre 1 års forbruk til kvar husstand.
Komposterbare posar i plastemeballasjen gjev dårleg kvalitet på det resirkulerte materiale. Bioposar skal difor ikkje puttast i sekken for plastemballasje.
