Måten vi handterer avfall har endra seg mykje. Avfall er ikkje lenger noko vi kvittar oss med, eller som vi kastar på søppelfyllinga. Det er ein ressurs som vi kan gjenvinne til nye råvarer eller energi.
Avfallet vårt har ein verdi, og ved sortering av avfallet aukar vi verdien. Denne verdiauka startar i heimen, hos abonnentane våre. God sortering legg til rette for god gjenvinning av avfallet, noko som igjen er bra for miljøet!