Gjenbruksstasjonane

DRIFTSMELDINGAR:

 

Gjenbruksstasjonane til NoMil er bemanna avfallsmottak, som har ei avgrensa opningstid.

Gjenbruksstasjonane tek i mot det meste av avfall, som t.d. farleg avfall, EE-avfall, byggeavfall, skrapmetall, gips, tauverk og restavfall som ikkje får plass i dunken heime.

Dekk til bilar og traktorar leverast inn til forhandlar, då dei har mottaksplikt etter avfallsforskrifta.
Medisin til dyr og mennesker leverast kostnadsfritt til apoteka.
Grunna utfordringar med lukt og skadedyr, bed vi om at alt matavfall vert levert i dunken heime.
Vi minner og om at EE-avfall, batteri, lysrør, lyspærer og gassflasker kan leverast inn hos forhandlar.

Vi har ikkje løyve til å ta i mot følgande:

  • Eksplosivt avfall, som t.d. ammunisjon og fyrverkeri. – ta kontakt politiet for rettleiing.
  • Smittefarlig avfall – ta kontakt med kommunalt helsevesen
  • Avfall som kan sjølvantenne – ta kontakt med DSB
  • Radioaktivt materiale – ta kontakt med DSA
 
Pyntebilete

Forbod mot levering av svarte og farga søppelsekkar

Viser til krav om gjennomsiktige sekkar ved levering av avfall på gjenbruksstasjon frå 1.mars 2020.

Avfall som leverast til gjenbruksstasjonen i sekkar, SKAL leverast i gjennomsiktige sekkar.
Årsaka er myndighetskrav om auka og strengare mottakskontroll ved alle avfallsanlegg rundt om i landet.

Utfordring med avfall i svarte sekkar, er at vi då ikkje har kontroll på om sekkane inneheld til dømes elektronisk avfall, sprayboksar, batteri eller anna risikofylt avfall som kan skape farlege situasjonar for tilsette, miljø og utstyr.

Det er blitt betre, men vi opplever at det framleis vert levert for mykje avfall i svarte sekkar. Vil difor minne om at det KUN er lov å levere avfall i gjennomsiktige sekkar, eller laust på hengar/bil.

Operatørane på stasjonane våre vil ha ekstra fokus på dette i tida framover, og avfall i svarte sekkar vil bli avvist evt opna og bedt sortert på nytt.

Blanke avfallssekkar finn ein for sal i dei fleste daglegvarebutikkane.

Takk for at alle bidreg til eit betre og tryggare miljø:-)

Kva kostar det å levere avfall på gjenbruksstasjonane?
Prisar hushald – Prisar næring

Våre gjenbruksstasjonar

Gloppen kommune, Eidsmona

Vegbeskrivelse

Opningstider:
Måndag kl 12.00 – 18.00
Torsdag kl 15.00 – 19.00

Gjenbruksstasjonen i Gloppen ligg ved sentralmottaket til NoMil i Eidsmona.

Eidsmona 36, 6823 Sandane

Stryn kommune, Svarstad

Vegbeskrivelse

Opningstider:
Tysdag kl 12.00 – 19.00
Torsdag kl 12.00 – 19.00

Gjenbruksstasjonen i Stryn ligg på området til Tenden Miljø. Det er også Tenden Miljø som driftar stasjonen for NoMil.

Blekesvingen 15, 6783 Stryn

Kinn kommune, Florø, Purkehola

Vegbeskrivelse

Opningstider:
Måndag og Onsdag kl 13.00 – 19.00
Torsdag kl 10.00 – 15.00

Gjenbruksstasjonen Purkehola finn du når du køyrer RV5 mot Førde (frå Florø). Sving til venstre 100m før Sundafjelltunnelen

Florøvegen 1102, 6910 Florø

Kinn kommune, Måløy/Vedvik

Vegbeskrivelse

Opningstider:
Måndag kl.12.00 – 18.00
Torsdag kl.11.00 – 17.00

Gjenbruksstasjonen i Måløy ligg ved Vedvik på Nordvågsøy.

Nordvågsøyvegen 300, 6710 Raudeberg

Stad kommune, Nordfjordeid/Haugen

Vegbeskrivelse

Opningstider:
Tysdag kl 14.00 – 19.00
Torsdag kl 12.00 – 17.00

Gjenbruksstasjonen på Nordfjordeid ligg på Ortra sitt område på Haugen.  

 Hjalmavegen 1, 6773 Nordfjordeid

Bremanger kommune, Smørhamn

Vegbeskrivelse

Opningstider:

Onsdag kl 13.30 – 19.00

Gjenbruksstasjonen i Ytre Bremanger ligg ved ferjekaia i Smørhamn.

Stad kommune, Kommunelageret i Selje

Vegbeskrivelse

Opningstider:
Tysdag kl 14.00 – 19.00

NB! Farleg avfall kan kun leverast siste tysdag i kvar måned 
(Sjå oversikt med oppdaterte datoar under her)
 
Gjenbruksstasjonen i Selje ligg på kommunen sitt område (kommunelageret) sør for Selje sentrum. Hovevegen 67.