Miljø

Avfall er ikkje lenger noko vi kvittar oss med og som vi kastar på søppelfyllinga. Det er ein ressurs som vi kan gjenvinne til nye råvarer eller energi. 

Avfallet vårt har ein verdi, og ved sortering av avfallet aukar vi verdien. Denne verdiauka startar i heimen, hos abonnentane våre. God sortering legg til rette for god gjenvinning av avfallet, noko som igjen er bra for miljøet!

Bilete som beskriv sirkulærøkonomi

Avfallspyramiden fortel oss kva som gir avfallet mest verdi. Avfallsreduksjon tronar øverst på pyramiden. Mindre forbruk gir mindre avfall og størst miljøeffekt. 

Bilete av avfallspyramide

NoMil samlar inn over 10 000 tonn med avfall i løpet av eit år frå hushaldningane gjennom henteordningar og frå gjenbruksstasjonane. Av dette vert omlag  96% materialgjenvunne eller gjenvunne som energi. Kun 4% vert sendt til deponi – dette er avfall som ikkje kan sendast til forbrenning som til dømes gips, porselen og asbest.

49% av avfallet som abonnentane i Nordfjord produserer går til energigjenvinning. dette gjeld blant anna restavfallet som vert samla inn.

Heile 47% av avfallet vert materialgjenvunne. Dette kjem blant anna frå papp/papir, glas- og metallemballasje, plastemballasje og matavfall