Gjenbruk og ombruk er den beste forma for gjenvinning og vert stadig meir populært. Ved å selge, bytte eller gi bort klede, sportsutstyr, møblar og anna kan vi gi dette nytt liv. Det finst mange kanalar en kan nytte om ein ynskjer å kvitte seg med ting og utstyr som andre kan ha glede av; Finn.no, kjøp-salg-gje vekk grupper på Facebook, loppemarknader og bruktbutikkar.

Tekstilinnsamling

Flerie aktørar har utplassert innsamlingsutstyr for tekstil i Nordfjord, mellom anna UFF og Fretex.
I desse innsamlingsboksane kan ein levere tekstil som er heil, rein og tørr, sko-par som ikkje er utslitte, smykker, belter o.l. UFF tek og i mot brukte produkt med dun, slik som puter og dyner.
Tekstil som er våt, skitten og utslitt, samt sko som er utslitt leverast som restavfall. Mindre mengder kan leggast i dunken for restavfall. Har du store mengder bør desse leverast til gjenbruksstasjonane.
Oppdatert oversikt over returpunkt skal alltid ligge på heimesidene til UFF og Fretex.
- STRYN KOMMUNE:
- Stryn sentrum ved drosjesentralen
- Loen ved Joker
- Olden
- Innvik
- Utvik
- GLOPPEN KOMMUNE:
- Byrkjelo ved Best
- Sandane sentrum ved STIL-stova
- Reed ved Coop Marked
- BREMANGER KOMMUNE:
- Kalvåg sentrum
- Hauge
- Svelgen sentrum
- KINN KOMMUNE:
- Måløy sentrum ved Kiwi
- Måløybrua
- Deknepollen ved Kiwi
- Bryggja ved Bunnpris
- Fugleskjærskaia, Florø
- Amfi-senteret, Florø
- Havhesten, Florø
- Krokane, ved Matkroken
- Eikefjord, ved Spar-butikken
- STAD KOMMUNE:
- Nordfjordeid ved Esso
- Nordfjordeid ved Amfi
- Nordfjordeid ved JYSK
- Stårheim ved bensinstasjonen
- Selje sentrum
- Leikanger