Korleis skal Nomil sine abonnentar sortere kle til ombruk og tekstilavfall til gjenvinning?

Korleis skal Nomil sine abonnentar sortere kle til ombruk og tekstilavfall til gjenvinning?

Reine, heile og tørre klede, tekstilar og sko som kan ombrukast slik dei er (eller med små reparasjonar, som t.d. å sy i knappar), skal leverast til ombruk. Uff, Fretex, Fileks og andre aktørar har innsamlingstårn på fleire sentrale stadar i regionen, og på nokre av gjenvinningsstasjonane våre. Elles finst det lokale ombruksbutikkar og loppemarknader som gjerne tek imot ombruksklede/-tekstilar.

NB! Nomil kjem til å legge til rette med eigne containere for øydelagde kle og tekstilar for gjenvinning på alle stasjonane våre, men i påvente av ei tilfredsstillande nedstrøms løysing vil desse ikkje bli tatt i bruk endå.
Fram til det finnast aktørar som tek i mot slikt avfall i større skala, vert klede som er utslitne eller heilt øydelagde framleis bli sortert som restavfall på Nomil sine stasjonar. Dvs. at du kan kaste det i restavfallsdunk du har heime, levere det som restavfall på ein av våre stasjonar, evt lagre det sjølv til ei ordning er på plass.
Fleire selskap jobbar med å utvikle løysingar for materialgjenvinning, men når dette er ein realitet er ikkje tidfesta.

Meir info kjem så snart det er ei løysing på plass…