Bilete av eksempel på nedsnødde dunkar

Hjelp våre renovatørar.

Det er kjekt med snø, men det fører også med seg ein del utfordringar for dei som har jobben sin ute.
 
No treng renovatørar over heile landet hjelp frå deg!
Mangelfull brøyting, strøing og innesnødde dunkar er årsaker som kan medføre at vi ikkje får tømt dunkane dine på slike dagar.
 
Slik kan du bidra:
-Måk frå avfallsdunken til vegen
– Fjern eventuelle brøytekantar
– Børst vekk snø frå lokket på avfallsdunken
– Strø frå avfallsdunken til vegen
– Sett avfallsdunken med handtaket ut mot vegen.
 
Vi set enorm stor pris på alle som bidreg til å gjere arbeidsdagen til renovatørane tryggare og litt lettare.
Takk for hjelpa 💚