Grunna øvelse i industrivernet vil sentralbord og stasjonen på Sandane være stengt for kundar frå klokka 13:00-15:30 no førstkomande fredag 16. Oktober. E-post og telefon vert ikkje besvart i dette tidsrommet denne dagen.
18. August, startar ei ny runde av Gjenvinn og vinn, ein nasjonal konkurranse frå Sortere saman med Sirkel og Norsk Metallgjenvinning. For å delta tek du eit bilde av korleis du samlar og sorterer glas- og metallemballasje heime, og sender det inn. Løysinga treng ikkje vere stor, dyrt, eller perfekt. Det viktige er at ho fungerer i kvardagen. Har du ei smart, kvardagsleg løysing for glas og metallemballasje? Då er det berre å bli med!🤔💡 Alle som sender inn bilete av systemet sitt, er med i trekninga av 10 000 kroner. Til saman blir det trekt 15 vinnarar, ein i kvart fylke. Fristen for å sende inn bilete er 13. september 2026, og premien blir delt ut i veke 39.
Alle abonnentar i Nordfjord får i løpet av 𝐯𝐞𝐤𝐞 𝟑𝟗 𝐨𝐠 𝟒𝟎 utlevert bioposar til matavfall og plastsekkar til plastemballasje.
Utlevering vil bli utført samme dag som tømming av papirdunk. (Sjekk tømmekalender for din tømmedag)
Rullane vert lagt i plastpose oppå papirdunk. Det er eigen bil som kjem for å levere ut rullane, nokon får før og nokon får etter at renovasjonsbil er der for å tømme dunkar. NB! Husk derfor å sjekke dunken før du hentar den inn.
NB! Står ikkje dunk framme denne dagen vert det ikkje lagt igjen sekkar til deg.
Det vert utlevert 2 rullar bioposar og 1 rull plastsekkar pr betalande bueining pr år.
Evt forbruk/behov utover dette kan kjøpast ved å kontakte Nomil
– Burettslag/sameige v/styreleiar/kontaktperson vert kontakta av sjåfør ved utleveringa
– Abonnentar som delar dunkar må ta kontakt for å få utlevert ekstra sett då det kun vert levert 1 sett pr dunk.
Disse vil få utlevering i etterkant av hovedutleveringa.
Telefon 57 00 94 00 eller E-post: post@nomil.no
𝐓𝐢𝐥 𝐢𝐧𝐟𝐨 – Florø (sone 1-5) og distriktet rundt (sone 6-9), samt øyane utanfor Florø har utlevering over nyttår og får eige varsel om dette når det nærmar seg
Vil du bli ein del av NoMil? Vi søkjer no ein renovatør/sjåfør til eit 100 % vikariat med varigheit på eitt år og moglegheit for forlenging. Oppmøtestad er Nordfjordeid i Stad kommune eller Sandane i Gloppen kommune.
Likar du å være på vegen i vakre Nordfjord, og ha eit fysisk arbeid og samtidig gjere ein viktig innsats for miljøet i ein spennande og framtidsretta bransje i sterk utvikling, kan dette være jobben for deg !
Frå og med i dag vert det utvida og nye opningstider for levering av avfall ved gjenbruksstasjonen i Eidsmona på Sandane. Det vil seie at det no er mogleg for hushaldningar å levere avfall til gjenbruksstasjonen kvar dag. På mandag og torsdag vil det som før være ope også på kveldstid.
NB! I forbindelse med påske, samt helligdagar i april og mai kan enkelte ruter få endra tømmedag. Husk derfor å sjekke tømmekalender for di rute på www.nomil.no eller i app for eventuelle endringar av tømmedagar.