Dunk for glas- og metallemballasje

Nordfjord Miljøverk IKS ynskjer å tilrettelegge for god sortering av avfallet og tilbyr difor henteordning også for glas- og metallemballasje. 

Innbyggjarane i tidlegare Flora kommune vil i løpet av 2020 få utlevert dunk for glas- og metallemballasje. 

Glas- og metallemballasje vert henta kvar 12. veke.

Nordfjordregionen har hatt denne ordninga sidan sommaren 2017.

Kva kan sorterast i dunken med raudt lok?

Det er berre glas- og metallemballasje som skal sorterast i dunken med raudt lok. 

Detaljert sorteringsinformasjon finn du her. 

Glas som ikkje er emballasje skal sorterast som restavfall (drikkeglas, krystall, keramikk, speglar etc.), medan gjenstandar av metall bør leverast på gjenbruksstasjonen då desse ikkje kan brennast saman med restavfallet. 

Glas- og metallemballasjen skal vere tom og skyllast før den vert utsortert. Dette gjerast helst i kaldt vatn, men du kan også nytte restane av oppvaskvatnent til å reingjere emballasjen.

Rein emballasje sikrar god gjenvinning av avfallet.!

Kva skjer med glas- og metallemballasjen?


Både glas- og metallemballasjen vert sendt til materialgjenvinning i Fredrikstad. Her vert avfallet behandla og brukt i produksjon av nye produkt. God og riktig sortering sikrar høg gjenvinningsgrad av avfallet!