Øy-renovasjon

Renovasjonsordningane er tilpassa talet på fastbuande på øyene, rutetilbodet og andre forhold. Dette medfører at ulike øyar har ulike ordningar. Dei fastbuande finn informasjon under, om kva ordning som gjeld der dei bur.

Abbonentar som har fritidsabonnenment leverer avfallet sitt til returpunkt som restavfall, etter same ordning som gjeld i resten av Nomil-området.

Under finn du oversikt over renovasjonsordniga for dei ulike øyene.

Barekstad/Hovden og Fanøy

Dei fastbuande har fått utdelt ein 140 l dunk, som skal brukast til restavfall og matavfall. Avfallet leggast i bereposar i dunken. Denne vert tømt med komprimatorbil annankvar veke, etter oppsett tømmekalender. Papir og papp samlast i utdelt sekk. Denne vert henta kvar 4.veke med komprimatorbil.  Plastemballasje skal samlast i utdelt sekk merka med Nomil – plastemballasje. Denne vert henta saman med papirsekken. Glas- og metallemballasje leverer ein sjølv i konteiner på kaia.

2024:

Tømmekalender 1. halvår 2024 Barekstad/Hovden

2024:

Tømmekalender 1. halvår 2024 Fanøy

Færøy, Søre Nekkøy, Kinn og Nærøy

Då det er få fastbuande på Færøy, Søre Nekkøy, Kinn og Nærøy, vert det ikkje henteordning av avfallet frå kvar  husstand. Ein må sjølv levere avfallet i restavfallskontainer på kaia. Husstandane vil få redusert renovasjonsgebyr, og vil betale tilsvarande eit fritidsabonnement. Rabattordningar knytt til delinga av dunkar, kompostering m.m. vil ikkje gjelde for desse husstandane.

 

Skorpa

Då det er få fastbuande på Skorpa vert det ikkje henteordning av avfallet frå kvar husstand. Ein må sjølv levere avfallet i kontainerar på kaia. Det skal stå  kontainer for levering av restavfall/papir,  samt ein for glas- og metallemballasje.  Hushalda vil få redusert renovasjonsgebyr, og vil betale tilsvarande eit fritidsabonnement. Rabattordningar knytt til delinga av dunkar, kompostering m.m. vil ikkje gjelde for desse husstandane.

 

Reksta/Rognaldsvåg

Dei fastbuande har fått utdelt to dunkar. Den utdelte 140 l-dunken skal brukast til restavfall og matavfall. Avfallet leggast i bereposar i dunken. Det er og delt ut ein større dunk. I denne legg ein papir og papp, laust utan poser eller liknande.  Plastemballasje leggast i sekk merka med Nomil – plastemballasje, og den skal få plass øvst i den store dunken. Restavfalllsdunken vert tømt annakvar veke med komprimatorbil, etter oppsett tømmekalender. Dunken for papir og papp vert tømt kvar 6. veke med komprimatorbil, etter oppsett tømmekalender. Glas- og metallemballasje leverast i konteiner på kaia.

2024:

Tømmekalender 1. halvår 2024 Reksta/Rognaldsvåg


Svanøy og Askrova

Dei fastbuande har fått utdelt to dunkar. Den utdelte 140 l-dunken skal brukast til restavfall og matavfall. Avfallet leggast i bereposar i dunken. Det er og delt ut ein større dunk. I denne legg ein papir og papp, laust utan poser eller liknande.  Plastemballasje leggast i sekk merka med Nomil – plastemballasje, og den skal få plass øvst i den store dunken. Restavfalllsdunken vert tømt annakvar veke med komprimatorbil, etter oppsett tømmekalender. Dunken for papir og papp vert tømt kvar 6. veke med komprimatorbil, etter oppsett tømmekalender. Glas- og metallemballasje leverast i konteiner på kaia.

2024:

Tømmekalender 1. halvår 2024 Svanøy

2024:

Tømmekalender 1. halvår 2024 Askrova