Marin forsøpling

Pyntebilete med logo til Nomil og Naturvernforbundet

Ideen bak lotteriet er: hent sekk, plukk søppel og vinn premiar!  Målet er å motivere til at det vert fjerna forsøpling frå fjører, strender og langs vassdrag, og at ein får auka fokus på marin forsøpling. Kystlotteriet er eit samarbeid mellom Naturvernforbundet, friluftsråd, kommunar, avfallsselskap, privat næringsliv og ulike lag og organisasjoner.

 

Hent sekk før du ryddar
Ordninga går ut på at ein hentar særskilte sekkar  på ein utleveringsstad. Når du har rydda, registrerer du sekken din ved hjelp av QR-koda på sekken. Om du ikkje har QR-lesar eller du har ein eldre sekk utan QR-kode går du inn på: https://reg.kystlotteriet.no/  og registrere sekken manuelt. Kvar sekk er eit lodd, som vert med i trekning av premiar som: reiser, overnattingar, turar, konsertbillettar, kinobillettar, kurs og andre gode opplevingar.

Ei fullstendig liste over stadar der du kan hente sekkar finn du her
Nomil har strandryddesekkar på alle sine gjenbruksstasjon, om du ynskjer å hente sekkar hos oss.

Sortering og innlevering
Private som har mindre mengder strandryddeavfall kan levere dette inn på Nomil sine gjenbruksstasjonar i ordinær opningstid. Vi må handtere dette avfallet på same måte som anna avfall du leverer til gjenbruksstasjonane. Dette gjer at du må gjennomføre ei viss sortering, om du skal levere strandryddeavfallet til Nomil. Du må sortere ut:
Farleg avfall (t.d. sprayboksar, batteri, gassflasker, flasker med kjemikalier)
Metall
EE-avfall
Tau og fiskereiskap
Du får levert alt dette hos Nomil, men du må sortere det for seg sjølv for å hindre skade på menneske, miljø og maskiner.

Fjordane friluftsråd gjennomfører ei rekke tiltak knytt til marin forsøpling, langs kysten og fjordstrøka i Vestland. Friluftsrådet får støtte frå Miljødirektoratet til sine prosjekt, og har midlar til utarbeiding og gjennomføring av større ryddeaksjonar. Dei har og høve til å gje motivasjonsmidlar til andre typar prosjekt knytt til marin forsøpling. Friluftsrådet kan bistå med ei lang rekke fleire oppgåver enn Nomil.I fleire kommunar har friluftsrådet og ståande ute containerar til innsamling av strandryddeavfall. Vi oppmodar alle som skal gjennomføre ein større ryddeaksjon om å ta kontakt med Fjordane friluftsråd.