Kvar vert avfallet av?

Måten vi handterer avfall har endra seg mykje. Avfall er ikkje lenger noko vi kvittar oss med, eller som vi kastar på søppelfyllinga. Det er ein ressurs som vi kan gjenvinne til nye råvarer eller energi. 

Avfallet vårt har ein verdi, og ved sortering av avfallet aukar vi verdien. Denne verdiauka startar i heimen, hos abonnentane våre. God sortering legg til rette for god gjenvinning av avfallet, noko som igjen er bra for miljøet!

Målet er at mest mogeleg av avfallet skal materialgjenvinnast. Det avfallet som ikkje eignar seg til materialgjenvinning, vert sendt til forbrenning med energigjenvinning. Energien frå forbrenningsprosessen vert brukt til fjernvarme eller til produksjon av elektrisitet.

Under ser du kva som skjer med avfallet du sorterer i dei ulike dunkane og i plastsekken.
Matavfallet vert sendt til kompostering på SIMAS sitt kompostanlegg i Sogn/Kaupanger. Her vert matavfallet blanda med hageavfall eller trefils, og kompostert. Ferdig kompostert materiale kan nyttast som jordforbetring, gjødselvare eller som dekke på t.d. skråningar ved vegutbygging. 
Papp, papir og drikkekartong vert samla inn i lag, frå dunken med blått lokk. Ved Nomil sitt hovudanlegg i Eidsmona jobbar Mona Vekst med å manuelt sortere papp, papir og drikkekartong frå kvarandre, og presse det til store terningar som er eigna for transport.  Papiret vert sendt til materialgjenvinning, og endar normalt hos gjenvinningsanlegg i Sverige. Papp vert sendt til Ranheim i Trødelag, for gjenvinning.  Ranheim papp produserer mellom anna esker til fiskeriindustrien. Innsamling og gjenvinning av drikkekartong skjer gjennom returselskapet Grønt punkt. Dei transportert drikkekartong til Fiskeby Board i Norrköping, som lager m.a. esker til pizza og frukostblanding.
Grønt punkt Norge organiserer gjenvinningsordninga for plastemballasje i store delar av Noreg, på vegne av plastprodusentane. Grønt punkt har avtaler med ei rekke gjenvinningsanlegg i Europa, som gjenvinner materialet. Plastemballasjen som Nomil samlar inn frå hushalda, vert normalt transportert til eit av gjenvinnigsanlegga for plast i Tyskland. 
Glas- og metallemballasjen vert sendt til materialgjenvinning i Fredrikstad, og vert til ny emballasje, som til dømes syltetøyglas og hermetikkboksar. Av gjenvunne glasemballasje vert det også produsert Glasopor, som er det mest miljøvennlige fyll- og isolasjonsalternativet på markedet.

 

Restavfallet vert sendt til energigjenvinning i Noreg. Fleire forbrenningsanlegg på Austlandet tek i mot restavfall frå Nomil. Noko går og til forbrenning hos Tafjord kraftvarme i nærleiken av Ålseund. Unntaksvis vert mindre mengder transportert til Sverige for energigjenvinning.