Nomil sin mobil-app

Vil du bli varsla når avfallet skal hentast?

Tømmeplan får du no på smarttelefonen.

Er du av dei som kan gløyme når avfallet blir henta og kva som skal hentast? Med appen NoMil Tømmeplan kan du få tilgang til tømmekalendaren for din eigedom, kontaktinformasjon og opningstidene på gjenbruksstasjonane våre.Mobil-appen kan gi deg varsel om tømming. Du får då ei påminning (push-varsel), til dømes dagen før tømmedag.

Har du fleire eigedomar kan det leggast inn varsling av tømming for alle.

Tømmeplanen vil også vise kva typar avfall som skal tømmast på dei ulike datoane. Dersom du ønskjer å melde feil og manglar kan dette også gjerast gjennom mobil-appen.

Ordninga er gratis for NoMil-abonnentar, og du finn den i Google Play (Android) og i App Store (iOS/IPhone).

 

Tømmeplan blir også tilgjengeleg for både iOS og Android telefonar.