Bioposar og sekkar til plast

I 2016 slutta Nomil med å dele ut bioposar og sekkar til plastemballasje på ei fast rute.  Dette vert no levert ut etter melding frå abonnenten. Ta eit ark og skriv “sekkar til plast og/eller bioposar” og fest dette oppå lokket på dunken, så vil sjåføren legge av på tømmedag. På regnversdagar kan det vere lurt å legge lappen i ein gjennomsiktig pose. Du kan også ringe oss på telefon 57 00 94 00 eller sende e-post til post@nomil.no

 

Det er ein fordel å gjere dette på ein dag med papir/papp tømming, då den blå dunken normalt er rein og tørr, og sjåføren kan legge rullane rett i dunken. Du kan også knyte fast ein berepose i dunken slik at renovatøren kan legge rullane opp i denne.

 

Våre bioposar er komposterbare. Dette betyr at dei er framstilt slik at dei vil verte nedbrote til ufarlege stoff i løpet av ei viss tid, når dei vert kompostert i eit større komposteringsanlegg. Bioposane bryast ikkje ned på same måten ute  i naturen eller i heimekomposten. Bioposane skal dirfor berre nyttast på matavfall som leggast i dunken med brunt lokk. Fordi posane er komposterbare vil dei påverkast av t.d. fukt, temepratur og lys. Bioposar vil difor tape kvalitet under lagring. Du kan oppleve at posane vert sprøe og går sund når ein tek i dei. Vi deler difor ut berre ein rull til kvar husstand.

 

Komposterbare posar i plastemeballasjen gjev dårleg kvalitet på det resirkulerte materiale, og vi bed difor om at de ikkje har slike i sekken for plastemballasje.