«Bin-lock» og «Lett på kroken»

Abonnenten er ansvarleg for å sikre dunkane på tømmepunktet. Dunkane kan festast ved å nytte stropper eller karabinkrok, og det er også mogeleg å kjøpe festebrakettar utvikla for dette foremålet (Bin-Lock). Sekken med plast kan “kilast” mellom 2 dunkar, elller festast med plastkrok (“Lett-på-kroken”) til papirdunken.

Dunkane skal ikkje festast med tau/knytast fast. Abonnenten er også ansvarleg for at det er fri tilkomst til dunkane på tømmepunktet.

Bin-Lock. Ein metallbrakett som kan nyttast til å feste dunken på tømmepunktet.
“Lett-på-kroken” til feste av sekk for plastemballasje. Kroken kan du få på næraste gjenbruksstasjon og er gratis for Nomil sine abonnentar.
Dunken skal festast med stropper eller krokar, ikkje knytast fast med tau.