Henteordninga

Nomil sin dunkrenovasjon inkluderer henting av dunkar for 4 typar avfall, i tillegg til sekk for plastemballasje:

  • Restavfall – dunk med grønt lokk. Henting kvar 4. veke.
  • Papiravfall – dunk med blått lokk. Henting kvar 4. veke.
  • Våtorganisk avfall – dunk med brunt lokk. Henting kvar 2. veke.
  • Glas- og metallemballasje – dunk med raudt lokk. Henting kvar 12. veke.
  • Sekk for plastemballasje – henting kvar 4. veke saman med dunken for papiravfall.
Bilete av dunkar og sekk

Dunkane vert tømde på faste rute etter gjeldande tømmekalender. Tømmedagane vil også vere tilgjengelge gjennom NoMil sin mobil-app.

Nomil tek kun med seg avfall som er rett sortert i rett behaldar (godkjendt oppsamlingsutstyr). Avfall utan om dunken vert ikkje teke med, med mindre dette er avtala på førehand.

Avfallsmengder utover dunkkapasiteten leverast på gjenbruksstasjon.

Abonnenten er pliktig til å halde dunkane reine.

Skade på dunkar

Dunkane er Nomil sin eigedom. Dunkar som vert skadde av normal slitasje (Vær og vind, alder, skade ved tømming), vert erstatta av Nomil. Meld i frå til oss dersom dunken må reparerast eller bytast.

Tømmepunktet og bruk av dunkane

Tømmepunktet er der dunkane skal settast på tømmedag. Punktet skal vere ein trafikksikker stad, ikkje meir enn 5 meter frå køyreveg. Etter søknad kan Nomil ta særskilde omsyn til sjuke, uføre o.l.  

Dunkane må settast fram til punkt på rett tidspunkt for at dei skal verte tømde. 

Til venstre: Dunken skal festast med stropper eller krokar, ikkje knytast fast med tau.

Under: Eksempel på korleis vi ikkje ønsker at dunkane festast.

Bilete av eksempel på feil festemåte av dunkar

Abonnenten er ansvarleg for å sikre dunkane på tømmepunktet. Dunkane kan festast ved å nytte stropper eller karabinkrok, og det er også mogeleg å kjøpe festebrakettar utvikla for dette foremålet (Bin-Lock). Sekken med plast kan «kilast» mellom 2 dunkar, elller festast med plastkrok («Lett-på-kroken») til papirdunken.

Dunkane skal ikkje festast med tau/knytast fast. Abonnenten er også ansvarleg for at det er fri tilkomst til dunkane på tømmepunktet.

 

Til venstre: «Lett-på-kroken» til feste av sekk for plastemballasje. Kroken kan du få på næraste gjenbruksstasjon og er gratis for Nomil sine abonnentar.

 

Over: Bin-Lock. Ein metallbrakett som kan nyttast til å feste dunken på tømmepunktet.