Dei er overalt. Men legg du merke til dei?

Dei er overalt. Men legg du merke til dei?

 

Før du har gått heimefrå på morgonen, har du allereie sett dei fleire gongar. Når du set på kaffien, heller mjølk i glaset, smører brødskiver og når du kastar søppelposen i dunken på veg til skule eller jobb

 

Kasteaugeblikket; dei sekunda der du tar valet om du skal sortere – eller ikkje.

Eit augeblikk vi alle har stått i, der det er lett å bli usikker på korleis noko skal kjeldesorterast. Då kan du sjå etter sorteringsmerka – dei finst (nesten) overalt. På potetgullposen, syltetøyglaset og mjølkekartongen finn du merket som gir deg hjelpa du treng, ofte med ein kort hjelpetekst som gjer det lettare å sortere i rett dunk.

Legg merke til merka

Plastemballasje er lilla, glasemballasje lysegrønt, metallemballasje grått og papir er blått. Kvar type materiale har si eiga farge som gjer dei lette å kjenne igjen, gir god lesbarheit og gjer det enklare å sjå kva som skal kvar. Dei same merka som du finn på emballasjen, finn du òg på søppeldunkar heime, på skulen og på arbeidsplassar over heile landet.

Lett å bli litt betre til å kjeldesortere

Sorteringsmerka gjer det enklare å sortere riktig. Finn Sorteringsmerket på emballasjen, så har du svaret i handa alt. Besøk sortere.no om det er noko meir du lurer på. Her kan du søkje etter det du undrar deg over og få raskt svar på spørsmål som kor rein emballasjen skal være, eller kva du gjer med blandingsemballasje.