Bilete av naudbluss som har forårsaka branntilløp

Hjelp oss å førebygge brann

Dessverre opplev vi at det kjem inn gjenstandar i restavfallet vårt som fører til brann. Fredag 08.05 hadde vi branntilløp i komprimatorbilen som tømte restavfall i Stryn. Nokon hadde lagt aske, som ikkje var avkjølt, i restavfallet sitt. Dette var truleg årsaka til at avfallet i bilen begynte å brenne. To veker tidlegare tok det fyr på hovudanlegget vårt, då eit naudbluss var levert inn i restavfallet. Naudbluss og fyrverkeri er eksplosivt avfall, og må leverast inn til forhandlar. Små litium-batteri utgjer og eit problem, då dei lett antenner under behandling av restavfall. Batteri er gratis å levere inn i daglegvare-butikkar og på våre gjenbruksstasjonar.  Hjelp oss å førebygge brann og gjere arbeidsdagen til våre tilsette tryggare, ved å følgje sorteringsrettleiingane!