Bilete av dei 4 dunkane til Nomil

Covid-19 og dunkrenovasjon

 
Grunna auka smitte i kommunane våre ber vi om hjelp frå våre abonnentar.
Vi har eit viktig samfunnsoppdrag som vi skal halde fram med å utføre. For å oppretthalde avfallsinnhentinga, er det viktig at medarbeidarane våre unngår smitte. Då treng vi eit godt samarbeid med deg som innbyggjar.
Det betyr:
Avfallshentinga held førebels fram som vanleg, men vi ønskjer at du tek deg ein grundig handvask både før du trillar fram dunken og etter at du har trilla han tilbake. Desinfiser gjerne både handtak og lok.
Treng du å kome i kontakt med oss, bruk telefon eller e-post. Kontorlokala våre i Gloppen er stengt for publikum inn til vidare. Vi bed og om at publikum ikkje tek direkte kontakt med renovatørane våre som er ute å tømmer dunkar.
 
Takk:-)
 
Vi oppdaterer heimesida vår, om det vert endringar.
Pyntebilete

Covid-19 og gjenbruksstasjon

 

Grunna auka smitte i kommunane våre, oppmodar vi dei som kan, om å utsetje besøket til gjenbruksstasjonen til smittesituasjonen er avklart. Dei som nyttar gjenbruksstasjonane våre, kan forvente nokre endringar i samband tiltak for å redusere smitterisiko. Helsemyndigheitene oppmodar om at ein held minst 2m avstand til andre menneske og brukar munnbind. Dessverre medfører dette at våre operatørar ikkje kan hjelpe deg med å tømme hengaren eller bilen. Operatørane vil vere til stade for å rettleie deg med sortering. Vi oppmodar alle om å betale med kort. Bruk helst funksjonen som gjer at du kan legge kortet på terminalen, og betale utan å trykke kode. For å unngå nærkontakt vil vi gjere tiltak for å avgrense kor mange bilar som kan vere på stasjonen samstundes. Dette kan gje kø og ein kan forvente at det tek lengre tid å levere. Unngå nærkontakt med andre under besøket på gjenbruksstasjonen. Vi bed om forståing for at tilbodet vert redusert, og at stasjonane kan bli stengt på kort varsel.

 

Bilete av Nomil bilar

Ledig stilling som sjåfør/renovatør i Nordfjord

Nomil logo

Nordfjord Miljøverk – NoMil – er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og Kinn.  Selskapet si hovudoppgåve er knytt til avfallshandtering i kommunane. Selskapet har hovudkontor på Sandane og avdelingar på Nordfjordeid og i Florø

Vi har ledig stilling i 100% som:

RENOVATØR/SJÅFØR

Arbeidsoppgåver
Til innsamling og transport av hushaldningsavfall i Nordfjord-regionen, søkjer vi ein dyktig og serviceinnstilt renovatør/sjåfør. Du må i tillegg kunne ta del i anna førefallande arbeid.

Oppmøtestad er på renovasjonsavdelinga på Nordfjordeid eller hovudanlegget på Sandane.

 

Kvalifikasjonar
Vi søker sjåfør med stå-på-vilje, gode haldningar, god praktisk sans og gode kommunikasjonsevner.  Du er ein person som har:

  • sertifikat klasse BE/C
  • arbeidserfaring som sjåfør vert vektlagt
  • emne til å arbeide sjølvstendig og effektivt
  • god fysikk, positiv haldning og er serviceinnstilt
  • maskinførarbevis er ynskjeleg

 

Vi tilbyr
Strukturerte arbeidsoppgåver i ein framtidsretta bransje og eit godt arbeidsmiljø. Løn etter avtale og god pensjonsordning i KLP. Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til avdelingsleiar Tadas Karvelis tlf. 922 12 882, driftsleiar Frode Denk tlf. 915 31 042 eller sjå www.nomil.no.

 

Søknad og CV skal sendast til: frode@nomil.no merka «Renovatør/sjåfør» eller til vår postadresse

Eidsmona 36, 6823 Sandane

Søknadsfrist: 15. mars 2021

sms-varsling

sms-varsling

sms-varsling

NoMil sender av og til ut SMS varsel med viktig informasjon, til dømes ved ruteendringar og lignande. Varselet blir sendt til mobilnummer som er knytt opp mot eigedomar (gards- og bruksnummer) i NoMil-kommunane. Dette er informasjon henta frå matrikkel/eigedomsregister, og er ikkje noko vi legg inn.

Vi har skjønt at det er ein del som ikkje får desse varslingane, og ønsker derfor å minne alle abonnentar på å sjekke om opplysningane stemmer på sin eigedom.

Gå inn på nettsida: www.servicevarsling.no

Velg “sjekk din oppføring”

Du skriv inn kommune og mobilnummer, og følger vidare instruksar. Her kan du registrere deg, legge til, eller rette på informasjonen som ligg inne.

Er det nokon som ikkje har tilgang til internett, mobiltelefon eller av anna grunn ikkje får sjekka si oppføring, kan dei kontakte oss for manuell registrering