Bilete av fastfrose avfall i våtorganisk dunk

Fastfrose avfall i dunken?

Vinteren er i gong og minusgradene er på plass. Det gir utfordringar for tømminga av spesielt dunken for våtorganisk avfall. Avfallet kan rett og slett fryse fast i dunken.

Du kan hjelpe til ved å legge avispapir eller eggekartong i botnen av dunken for våtorganisk avfall. Dette kan hindre avfallet i å fryse fast, og sikre at dunken vert skikkeleg tømt.

Om man har moglegheit til det kan det også være lurt å sette dunkane inn i garasje eller liknande dei kaldaste dagane.

Renovatørane har ikkje moglegheit til å løsne fastfrose avfall nede i dunkane. 

 

Bilete av fastfrose avfall i våtorganisk dunk
Fyrverkeri som avfall!!!

Fyrverkeri som avfall!!!

Nyttårsfeiringa er like rundt hjørnet, og nokon lurer kanskje på korleis ein skal sortere fyrverkeri.

Brukt fyrverkeri skal leggast i restavfallet. Dersom fyrverkeriet ikkje har gått av må det behandlast som eksplosjonsfarleg avfall.

Forhandlarar av eksplosive varer og produkt er pliktige til å ta i mot tilsvarande produkt når dei skal kasserast. Dersom du ikkje veit kvar du skal levere dette, kan du ta kontoakt med Politiet på telefon 02800.

God jul!

Vi har følgjande opningstider i samband med jul/nyttår:
Onsdag 23.12 (vesle julaftan)
– Kontoret og hovudanlegget i Eidsmona: 08.00-12.00
– Gjenbruksstasjon Florø: Stengt
– Gjenbruksstasjon Svelgen: Stengt
Torsdag 24.12 – Søndag 27.12
-Alle mottak er stengt
Måndag 28.12
– Kontoret og hovudanlegget i Eidsmona: 10.00-14.00
– Gjenbruksstasjon i Gloppen, Vedvik og Florø er ope som normalt
Tysdag 29.12
– Kontoret og hovudanlegget i Eidsmona: 10.00-14.00
– Gjenbruksstasjon i Selje, Haugen, Smørhamn, Stryn er ope som normalt
Onsdag 30.12
– Kontoret og hovudanlegget i Eidsmona: 10.00-14.00
– Gjenbruksstasjon Florø og Svelgen er ope som normalt
Torsdag 31.12 (Nyårsaftan)- søndag 03.01
– Alle mottak er stengt
Tømmekalender for 2021 er no tilgjengelig på www.nomil.no
Bilete av avfallssekk med julepapir

Innlevering av julepapir og papp i romjula

Innlevering av julepapir:
I romjula tek gjenbruksstasjonane imot julepapir kostnadsfritt.
Dette skal vere pakka i gjennomsiktige sekkar, som berre skal innehalde julepapir.
I tillegg kan ein få levere papp kostnadsfritt desse dagane. (28-30 desember)
Vi har følgjande opningstider i samband med jul/nyttår:
Onsdag 23.12 (vesle julaftan)
– Kontoret og hovudanlegget i Eidsmona: 08.00-12.00
– Gjenbruksstasjon Florø: Stengt
– Gjenbruksstasjon Svelgen: Stengt
Torsdag 24.12 – Søndag 27.12
-Alle mottak er stengt
Måndag 28.12
– Kontoret og hovudanlegget i Eidsmona: 10.00-14.00
– Gjenbruksstasjon i Gloppen, Vedvik og Florø er ope som normalt
Tysdag 29.12
– Kontoret og hovudanlegget i Eidsmona: 10.00-14.00
– Gjenbruksstasjon i Selje, Haugen, Smørhamn, Stryn er ope som normalt
Onsdag 30.12
– Kontoret og hovudanlegget i Eidsmona: 10.00-14.00
– Gjenbruksstasjon Florø og Svelgen er ope som normalt
Torsdag 31.12 (Nyårsaftan)- søndag 03.01
– Alle mottak er stengt
Bilete av papp plassert utanfor blå dunk (vert ikkje tatt med)

Ekstra papp ved tømming!

Ekstra papp ved tømming?
Papp som blir lagt utanfor dunkane, vil ikkje bli tatt med ved tømming.
Papp som er våt og skitten vil ikkje kunne gjennvinnast, og kan øydelegge heile lasset i renovasjonsbilen.
Ekstra papp må derfor leverast til nærmaste gjenbruksstasjon.
For Florø og omegn vil nærmaste stasjon være Purkehola.
Informasjon og vegbeskrivelse til gjenbruksstasjonane finn du her: https://www.nomil.no/?page_id=739
Kva kan leggast i den raude dunken?

Kva kan leggast i den raude dunken?

KVA KAN LEGGAST I DEN RAUDE DUNKEN?
Sjåførane våre som tømmer dunken for glas- og metallemballasje opplev ofte at dei må sette at dunkar grunna feilsortering. Dette betyr at mange abonnentar ikkje får dunken sin tømt. Returordninga gjeld berre for glas- og metall som er emballasje, slik som hermetikkboksar, sylteglas og glasflasker utan pant. At berre emballasje skal inngå i returordninga er lovregulert gjennom avfallsforskrifta.
Sjåførane våre melder frå om at sparyboksar og små gassbrennarar ofte vert lagt i dunken med raudt lokk. Dette er farleg avfall, fordi dei inneheld gass under trykk. Dette MÅ leverast inn til gjenbruksstasjon, eller anna betjent mottak. Det er gratis å levere inn farleg avfall frå husstandane.
Vindauge, keramikk, eldfast glas og drikkeglas dukkar ofte opp i dunkane for glas- og metallemballasje. Dette er materiale som ikkje kan leverast til returordninga. I tillegg øydelegg dette også det resirkulerte materiale då det har andre eigenskapar enn emballasjeglas. Tilsvarande finn vi og ofte kokekar, smijernsgjenstandar og stål i dunken. Dette må leverast til gjenbruksstasjon.

Er du i tvil om kva noko skal sorterast som, kan du finne god informasjon her: www.sortere.no
Sortere finnast også som app og kan lastast ned fra AppStore: https://apps.apple.com/no/app/id1519252225

Ellers finn du mykje info her: https://www.nomil.no/?page_id=397
Her kan du også laste ned sorteringsguide på både norsk og engelsk.
Skriv dei gjerne ut og heng opp ved dunkane.

Bilete av plastsekk ved sidan av blå dunk (samlast inn på samme rute)

Kva kan leggast i sekken for plastemballasje?

KVA KAN LEGGAST I SEKKEN FOR PLASTEMBALLASJE?
Sjåførane våre som hentar inn sekkane for plastemballasje opplev ofte at dei må sette at sekkar grunna feilsortering. Dette betyr at mange abonnentar ikkje får plasten sin samla inn.
Returordninga gjeld berre for plast som er emballasje, til dømes rømmebeger, yoghurtbeger, plast som er rundt mat og produkter, plastposar, plastfolie og bærenett. Plast som ikkje er emballasje, til dømes tannbørstar, leikar, hagemøblar, isopor, vednett, plaststrips og q-tips skal ikkje være med i sekken. Tilgrisa plastemballasje og plast frå medisinsk avfall skal heller ikkje puttast i sekken.

Er du i tvil om kva noko skal sorterast som, kan du finne god informasjon her: www.sortere.no
Sortere finnast også som app og kan lastast ned fra AppStore: https://apps.apple.com/no/app/id1519252225

Ellers finn du mykje info her: https://www.nomil.no/?page_id=397
Her kan du også laste ned sorteringsguide på både norsk og engelsk.
Skriv dei gjerne ut og heng opp ved dunkane.

Pyntebilete

Eit lite skritt mot ein meir bærekraftig kvardag.

Sortere.no er endelig komen som app.

Det skal være lett å ta dei rette valga. Sortere-appen gjør det lettare å kildesortere. Last den ned og ta eit lite skritt mot ein meir bærekraftig kvardag.

DETTE FÅR DU I APPEN

  • Svar på korleis ting skal sorterast, der du bur
  • Praktiske tips til sorteringa
  • Tips til korleis du kan gjenbruke og kaste mindre
  • Informasjon om kva merka på emballasjen betyr

Appen er gratis og det er ingen kjøp i appen

Foreløpig er den kun tilgjengelig for Apple telefonar (iphone). Android kjem etterkvart.

Les meir her: